Koordinatar: 62°51′43.7″N 9°30′32.3″E

Jøldalshytta

Jøldalshytta er ei turisthytte i Rennebu kommune i Trøndelag. Hytta ligg i Trollheimen, 740 m.o.h., ved Jølvatnet og har utsyn mot Svarthetta og Trollhettamassivet. Frå Jøldalshytta går varda stigar over toppane til Trollheimshytta.

Jøldalshytta er eigd av Trondhjems Turistforening, vart bygd i 1917 og har vore ombygd og påbygd i 1962 og i 2004. Hytta har 80 senger i sesongen (påske og sommar) og er låst med DNT-nøkkel og sjølvbetent med 16 senger utanom sesongen.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra