Jørgen B. Faye

norsk politikar

Jørgen Breder Faye (7. juni 18232. august 1908) var ein norsk handelsmann og politikar.

Jørgen B. Faye
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. juli 1823
Død

7. februar 1908 (84 år)

Yrke banksjef, politikar
Språk norsk

Faye arbeidde som handelsmann på Bryggen i Bergen til han i 1856 blei oppnemnt som direktør i den nyleg oppretta Bergen Privatbank, ei stilling han hadde til 1903. Han sat i Bergens byråd i mange år og var ordførar i 1862.[1] Han sat tre periodar i Stortinget; 1856-58, 1865-67 og 1868-71.[2]

Utmerkingar endre

Faye vart riddar av St. Olavs Orden i 1857, i 1891 fekk han kommandørkorset og i 1895 blei han kommandør av 1. klasse. Han var òg riddar av Nordstjerneordenen.[3]

Referansar endre

  1. Ordførere i Bergen kommune fra 1837 - 2003, Bergen kommune, arkivert frå originalen 30. september 2007, henta 17. november 2007 
  2. Gubberud, Ivar J. (1983). Vossebanen 1883-1983. Oslo: Norsk Jernbaneklubb. s. 13. ISBN 82-90286-05-8. 
  3. Jørgen Faye frå Norsk biografisk leksikon

Bakgrunnsstoff endre