Jørgen Johnsen

Jørgen Martin Meldal Johnsen (11. juni 183314. mai 1912) var ein norsk veterinær og stortingsmann frå Kristiansand. Hans Johnsen var far hans.

Jørgen Johnsen
Fødd 11. juni 1833
Død

14. mai 1912 (78 år)

Yrke politikar, veterinær, bonde

Johnsen avla preliminæreksamen ved universitetet i København i 1849 og veterinæreksamen i same byen fire år seinare. Han var 1854-58 dyrlege i fødebyen, 1858-72 amtsdyrlege i Solør. I 1871 kjøpte han garden Pramhus i Eidskog og var gardbrukar der til 1908. I Eidskog var han ordførar i 20 år, og dessutan forlikskommissær.

1898-1900 var Johnsen var 5. representant frå Hedemarkens amtStortinget. Han var medlem av landbrukskomiteen. I 1908 busette han seg i Kristiania, der han døydde fire år seinare.

KjelderEndra