Hans Johnsen
Hans Johnsen (2. august 1800–5. april 1872) var ein dansk-norsk kjøpmann og stortingsmann. Han var far til Jørgen Johnsen, medan Johan Christian Johnsen var ein brorson.
Hans Johnsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. august 1800 Nykøbing Sjælland |
Død |
5. april 1872 (71 år) |
Yrke | handelsmannn, politikar |
Språk | norsk |
Johnsen var fødd i Nykøbing i Danmark. Han innvandra til Kristiansand og Noreg i 1820, og vart kjøpmann i byen i 1825. År 1840 var han borgarkaptein, 1852 stadshauptmann. Frå 1857 var han direktør (styreleiar) for gassverket i Kristiansand.
Johnsen var mangeårig medlem av Kristiansand bystyre. I 1845 vart han vald å representere byen på Stortinget. Han var då medlem av protokollkomiteen.
Han døydde i Kristiansand i 1872.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Hans Johnsen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv