Jørn Erik Jensen
Jørn Erik Jensen (fødd 14. august 1954 i Oslo) er ein norsk musikar, radioprogramleiar og kringkastingsleiar.
Jørn Erik Jensen | |||
| |||
Fødd | 14. august 1954 (70 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Opphav | Noreg | ||
Verka som | musikar, radioprodusent, kanalsjef |
Etter 10 år som musikar i gruppene Folque, Kong Lavring og Folk & rackare, byrja han i 1986 som programsekretær i musikkredaksjonen til NRK radio, med spesielt ansvar for klassisk tidlegmusikk, men òg folkemusikk frå heile verda. Han laga òg fleire radiodokumentarar.
Etter kvart vart han òg meir engasjert i den tekniske utviklinga til radioen.
I 1994 fekk han av dåverande radiodirektør Tor Fuglevik i oppdrag å etablere ein klassisk musikkanal i NRK.
NRK Alltid klassisk (no NRK Klassisk) starta sendingane 1. juni 1995, med Jørn Erik Jensen som leiar. Han var den første heldigitale DAB-radiokanalen i verda som var i drift 24 timar i døgnet. Sidan då har han vore rådgjevar for radiosjef, teknisk direktør og distribusjonssjef i NRK.[1]
I oktober 2009[2] vart han president i den internasjonale organisasjonen WorldDMB, som utviklar, marknadsførar og eig den digitale radiostandarden DAB.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jørn Erik Jensen» frå Wikipedia på bokmål, den 23. juni 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: