Folque var ei folkrock-gruppe frå Oslo, danna i 1972. Gruppa tok for seg norsk folkemusikk, og blanda denne med rytmar og instrument av nyare dato, på same måte som Fairport Convention og Steeleye Span gjorde i England. Mange medlemmar har vore innom bandet gjennom åra, men det er berre éin som har vore med heile tida, og det er Morten Bing.

Folque
OpphavOslo i Noreg
Periode1972–1984, 1998, gjenforeningskonsertar på 90- og 2000-talet, 2004, gjenforeining 2014
Aktiv1972–1984
SjangerFolkrock, folkemusikk, rock
MedlemmerMorten Bing
Lars Helljesen
Lisa Ormestad (Lisa Helljesen)
Trond Øverland
Øyvind Rauset
Alexander Lindbäck
Tidlegare medlemmerJan Eilif Amundsen
Jan Devik
Jenn Mortensen
Morten Jakobsen
Jørn Jensen
Pål Søvik
Roald Thomesen
Per Vestaby
Trond Villa

Folque gav ut åtte studioalbum, eit konsertalbum og nokre samlealbum. Dei første tre albuma vart gjeve ut på plateselskapet Phonogram. Dei to første Folque og Kjempene på Dovrefjell vart produsert av Øystein Sunde. Mesteparten av repertoaret til Folque var i utgangspunktet tradisjonell folkemusikk, men det vart òg komponert melodiar til folkelege tekstar, t.d. av Morten Bing til «No ha Jonsoknatta kome» og «Dans, dans, Olav Liljekrans».

Gruppa eksisterte frå 1973 til 1984, med nokre gjenforeiningskonsertar på 1990- og 2000-talet. Gruppa vart gjendanna i 2014 med Lisa (Helljesen) Ormestad som songar og spela den siste konserten sin på Rockheim i Trondheim 29. april 2017.

I byrjinga endre

« I 1972 var eg ein av dei mange som spelte merkelege viser på mollstemt gitar rundt på viseklubbar i Oslo. Ofte saman med ein kamerat som heitte Eilif Amundsen. Utpå våren det året vart eg bede om å vere med på ei plate med anti-EEC-viser. Som ei følgje av plata hamna eg på turne nedover sørlandskysten sommaren 1972. På turneen vart eg kjent med Jørn Jensen. Då turneen var over trefte eg Eilif og bror hans i Kristiansand, og drog saman med dei til London. I ei leilegheit i London vart vi kjent med to andre nordmenn, Lars Helljesen og Espen Løvstad.

Ut på hausten starta Jørn, Eilif og eg visegruppe, og trong ein vokalist. Espen foreslo systera til Lars, Lisa. Vi møtte Lisa Helljesen på ein viseklubb i Rådhusgata. Resultatet vart visegruppa «Brød & Vin» som var ei rar musikalsk blanding. Eilif og eg dreiv med amerikansk folkemusikk, Jørn spelte gitar som Bert Jansch og Lisa kunne alle songane til den amerikanske visesongaren Melanie utanåt. Men vi rista saman eit repertoar og byrja å spele saman.

Våren 1973 byrja repertoaret å ta form: Engelsk folkemusikk med norske tekster, norske folkeviser, gitar, banjo, mandolin og dulcimer. 30. april skifta vi namn til Folque. Vi fekk med Espen (seinare turnémanager for gruppa) på tamburin og congas, Trond Øverland på bass og Trond Villa på fele, Jørn kjøpte seg el. gitar og plutseleg var vi ikkje visegruppe lenger, men folkrockband! Norske representantar for same genre som britiske grupper som Fairport Convention, Steeleye Span og Albion Country Band, sjølv om musikken Folque spelte kom til å hente impulsar frå mange hold i tillegg til norsk og engelsk folkemusikk, som bluegrass, barokkmusikk og rock'n'roll.

»

Morten Bing[1]

I 1974 fekk gruppa spele inn ein demo i kjellaren til Øystein Sunde. Sunde tok demoen med seg til Phonogram. Den første plata, Folque, vart utgjeve same år. Sunde var produsent på plata, og på trommar hadde dei med Thor Andreassen.

Banda byrja allereie å sprekke før plata vart sloppe. Personlege og musikalske usemjer førte til at Jørn Jensen slutta som gitarist og vart erstatta av Lars Helljesen. Bandet følte no at det var naudsynt med ein fast trommeslagar, så innan gruppa gjekk i studio for å spele inn Kjempene på Dovrefjell i 1975, hadde Morten Jakobsen byrja i gruppa. Same haust reiste Trond Øverland til India, så Eilif Amundsen skifta over frå banjo til bassgitar.

Nye medlemmar endre

Etter innspelinga av Vardøger i 1977, slutta Lisa Helljesen og Trond Villa. Song og fele vart difor overteke av Jenn Mortensen (song) og Øyvind Rausa (fele). I 1978, etter at Vardøger hadde selt dårleg, mista Phonogram interessa for gruppa. Gruppa takka difor ja til platekontrakt med MAI. Resultatet vart Dans, dans Olav Liljekrans. Tittelsporet vart ein av dei mest populære låtane til gruppa, sjølv om plata kanskje var den svakaste plata til Folque.

Folque spelte inn endå ei plate på MAI. Fredløs kom ut i 1980. På denne plata fekk Jenn Mortensen for alvor vist at ho kunne synge og Øyvind Rausa at han kunne spele fele. Eilif Amundsen hadde slutta i bandet, og no var det Per Vestaby som spelte bass. Arvid Esperø var produsent for gruppa på plata.

I 1980 skjedde det endringar igjen. Ny trommeslagar, Pål Søvik, og ny bassist, Roald Thomesen, og nytt plateselskap, Talent. Den nye plata, Landet ditt, var sterkt prega av komposisjonane og syntheiszierane til Rausa.

Slutten for gruppa endre

Siste fasen i historia til Folque byrja då Rausa slutta i 1981. Gruppa stod utan felespelar. Difor var det gitar og mandolin som overtok soloane, og gruppa viste seg å klare seg tålelig bra utan fele. Sort messe, vart spelt inn året etter. Albumet var dominert av Lars Helljesen som komponist og arrangør og Morten Bing som tekstforfattar og komponist. Arvid Esperø var tilbake som produsent.

Sommaren 1984 fekk Folque tilbod om å spele på ein festival i Danmark, og til trass for at bandet omtrent var oppløyst, takka dei ja. Gruppa fekk med seg Øyvind Rausa igjen, og dessutan Trond Øverland på bass. På Midt-Fyn festivalen stod eit band som ikkje hadde spelt saman på lenge, etter ein slitsam tur med gitarar under armen på fly og tog frå Oslo til Fyn, med stressa arrangørar som ikkje gav tid til lydtest. Konserten som skulle bli den siste til Folque på mange år vart teke opp og resultatet vart konsertalbumet Dans, dans utgjeve i 1991. Denne innspelinga var ikkje planlagt på førehand, og då Folque stod på scena visste dei ikkje at konserten vart teke opp.

Folque vart formelt oppløyst i 1984, men utover på 1980-talet spelte Jenn Mortensen, Lars Helljesen og Morten Bing saman som Jomfue Mortensens Trio. Folque kom saman igjen for å spele konsertar både på 1990- og 2000-talet. Dei hadde den siste konserten sin på Norsk Folkemuseum jonsokafta 2004.[2]

Folque vert samla att i 2014 med Lisa (Helljesen) Ormestad, sång, Øyvind Rauset, fele, Lars Helljesen, gitar, Morten Bing, gitar/banjo/dulcimer/mandola, Trønd Øverland, bass og Alexander Lindbäck, trommer. Dei spela på John Dee og Rockefeller i Oslo i 2014, 2015 og 2017, og den siste konserten sin på Rockheim i Trondheim 29. april 2017.

Festivalar endre

Folque har spelt på følgjande festivalar[3]:

Diskografi endre

Studioalbum endre

Samlealbum endre

Konsertalbum endre

Singlar endre

  • «Det e ikkje her æ hører tel»/«Hjuringstev» (utgjeve i 500 nummererte eksemplar) (Falitt, 1980)

Medlemmer endre

Kjelder endre

  1. http://www.folque.net/
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 7. mars 2009, henta 21. juni 2013 
  3. http://www.folque.net/folquelex.htm

Bakgrunnsstoff endre