Opna hovudmenyen

Jørres Schjelderup Hansen (13. april 181121. desember 1870) var ein norsk prest og stortingsmann frå Kongsvinger.

Jørres Hansen
Fødd13. april 1811
Død21. desember 1870
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Hansen var son til ein forvaltar, fødd på Østmark ved Kongsvinger Han vart student i 1829 og cand. theol. i 1836. Frå 1840 var han sokneprest i Lebesby, deretter frå 1846 i Nesseby. Perioden 1849-67 var han sokneprest i Ibestad, deretter i Børsa fram til 1870.

Hansen var 4. representant frå Finmarkens amtStortinget 1857, omframstortinget 1858 og Stortinget 1859-60. Han var medlem av budsjettkomiteen.

Han døydde på Holm i Aker i desember 1870, same året som han tok avskjed frå prestegjerninga.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914