J. Geils

amerikansk gitarist

John Warren Geils Jr. (20. februar 194611. april 2017), kjend som J. Geils eller Jay Geils, var ein USA-amerikansk gitarist. Han var mest kjend som leiaren i The J. Geils Band.[1]

J. Geils
JGeilsPerforming.jpg
Fødd20. februar 1946(1946-02-20)
FødestadNew York City i USA
Død11. april 2017 (71 år)
DødsstadGroton, Massachusetts, U.S.
FødenamnJohn Warren Geils Jr.
OpphavUSA
Aktiv1967–2017
Sjanger
Instrument
  • Gitar
  • vokal
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • Gitarist
  • songar
  • låtskrivar
  • plateprodusent

Geils voks opp i New York City og vart interessert i jazz og blues. Etter å ha flytta til Massachusetts for å studere, skipa han The J. Geils Blues Band medan han framleis gjekk på Worcester Polytechnic Institute. Etter å ha fjerna ordet «Blues» frå namnet sitt, gav bandet ut debutplata si i 1970, og spelte soul- og rhythm and blues-påverka rock gjennom det meste av 1970-åra, før dei vart meir pop i 1980-åra. Etter at bandet vart oppløyst i 1985, slutta Geils å spele fast og byrja med restaurering av bilar han deltok i billøp med, men dreiv stundom med musikkproduksjon. Han fortsette å spele sporadiske turnear med resten av bandet i 2000- og 2010-åra. Geils døydde av naturlege årsaker den 11. april 2017, 71 å gammal, i heimen sin i Groton i Massachusetts.

DiskografiEndra

Som Jay Geils

  • Bluestime med Magic Dick (Rounder, 1994)
  • Little Car Blues med Magic Dick (Rounder, 1996)
  • Jay Geils Plays Jazz! (Stony Plain, 2005)
  • Jay Geils, Gerry Beaudoin and the Kings of Strings featuring Aaron Weinstein (Arbors, 2006)
  • Toe Tappin' Jazz (North Star, 2009)[2]

Som New Guitar Summit

  • New Guitar Summit (Stony Plain, 2004)
  • New Guitar Summit: Live at the Stoneham Theatre (2004)
  • Jazzthing II med Randy Bachman (2007)
  • Shivers (Stony Plain, 2008)[2]

KjelderEndra

  1. Ware, Susan (21. oktober 2004). «Fame still calls J. Geils». The Boston Globe. Arkivert frå originalen den 18. januar 2013. Henta 4. september 2018. 
  2. 2,0 2,1 «J. Geils | Credits». AllMusic. Arkivert frå originalen den 4. september 2018. Henta 4. september 2018.