Jacob Gerhard Meydell

Jacob Gerhard Meydell (17864. januar 1876) var ein norsk offiser som var sentral i utviklinga av militær vitskap i Noreg i fleire tiår opp til midten av det 19. hundreåret. Han var fødd i GranHadeland, og var farbror til Nicolai og Thorvald Mejdell.

Jacob Gerhard Meydell

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1786
Gran kommune
Død

4. januar 1876 (89 år)
Christiania

Yrke offiser, faglitterær forfattar
Medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, Kungliga Krigsvetenskapsakademien

Meydell deltok i krigen mot Sverige sommaren 1814. Frå 1811 til 1849 var han lærar på Krigsskulen og Den militære høgskulen, der han etter å ha undervist kadettane i hæren, sidan var lærar i krigshistorie og topografi. Han arbeidde iherdig for å få innført av allmenn verneplikt.

I 1825 var Meydell med å skipe Christiania Militære Samfund og var formann i foreininga i mange år. Han var i 1831 mellom skiparane av Norsk Militært Tidsskrift og skreiv mykje om både strategi, taktikk, krigshistorie, artilleri, festningskunst, topografi, organisasjon og administrasjon.

Meydell vart i 1838 utnemnd til oberst og sjef for artilleribrigaden. Frå 1847 til -55 var han generalmajor, fekk då avskil med full løn.

Kjelder endre