Opna hovudmenyen

Jacob Pedersson Lindgaard

norsk målar

Jacob Pedersson Lindgaard (17191789) var ein norsk målar frå Sandefjord, aktiv i og i kring Vestfold.

Jacob Pedersson Lindgaard
Fødd 1719
Sandefjord
Død

1789
Sandar

Yrke kunstmålar

Lindgaard var sjølvlærd i målarfaget. Han laga altartavler og utsmykka tolv kyrkjer, mellom dei i Stavern, Tjøme, Tjølling og Mariakyrkja i Tønsberg. Dei religiøse bileta Krossfesting og Himmelfarten i Stavernkyrkja, måla kring 1755, og Kristus i Getsemane frå 1772 i Mariakyrkja er mellom hans beste arbeid. Elles måla han minnebilete av døde personar til å henge opp i kyrkjene. Han portretterte òg mange frå den lokale borgarskapen i litt stive biletformer.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra