Jacob Zuma

Jacob Gedleyihlekisa Zuma (fødd 12. april 1942) er ein sørafrikansk politikar og president i Sør-Afrika sidan 9. mai 2009.

Jacob Zuma
Jacob G. Zuma - World Economic Forum Annual Meeting Davos 2010.jpg
Fødd12. april 1942 (79 år)
KwaZulu i Sør-Afrika
Statsborgar avSør-Afrika, Unionen Sør-Afrika
PartiANC
Yrkepolitikar
EktefelleNkosazana Dlamini-Zuma, Thobeka Madiba-Zuma, Nompumelelo Ntuli Zuma, Kate Mantsho, Gertrude Sizakele Khumalo, Gloria Bongekile Ngema
BarnThuthukile Zuma, Gugulethu Zuma-Ncube, Duduzane Zuma, Sinqumo Zuma, Mziwoxolo Edward Zuma, Mxolisi (Saady) Zuma
MedlemUmkhonto we Sizwe
VervPresident i Sør-Afrika 2009-
FøregangarKgalema Motlanthe

Zuma er fødd i Inkandla i KwaZulu-Natal i Sør-Afrika. Han var visepresident i Sør-Afrika frå 1999 til 2005 men måtte gå av etter skuldingar om valdtekt og korrupsjon. Han vart valt til leiar av African National Congress (ANC) i 2008. I desember i 2008 vart han på nytt tiltalt for korrupsjon.

I motsetnad til den dåverande presidenten i Sør-Afrika, Thabo Mbeki som Zuma slo i kampen om å bli leiar for ANC, har Zuma hatt ei kritisk haldning til situasjonen i nabolandet Zimbabwe.

Spire Denne samfunnsartikkelen som har med politikk og Sør-Afrika å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.