For den britiske politikaren Jacqueline («Jacqui») Smith, sjå Jacqui Smith.

Jacqueline Smith (fødd 20. februar 1971) er ein norsk organisasjonsleiar. Ho er fødd i Wyoming i USA og vart i 2006 vald av landsmøtet i Norsk Sjømannsforbund som første kvinnelege leiar av forbundet, og den yngste leiaren i forbundshistoria.

Jacqueline Smith

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. februar 1971 (53 år)
Wyoming
Yrke fagforeiningsleiar

Smith blei fødd i Wyoming i USA med vietnamesisk-amerikansk mor og norsk far. Familien flytta til Stavanger då ho var ni, og nokre år seinare til Asker. Etter å ha tatt ex.phil og 1. avdeling jus gjekk ho til sjøs.[1]

Etter åtte år til sjøs som croupier på passasjerskip i Color Line, dei fleste som tillitsvald for casinopersonalet om bord, vart Jacqueline Smith i 1998 vald som varamedlem til landsstyret i Norsk Sjømannsforbund. Kort tid etter vart ho tilboden stilling som assistent for kontorleiaren ved spesialkontoret for cruisebransjen som forbundet har i Miami. Ved neste landsmøte, i 2002, vart Jacqueline Smith vald til forbundssekretær, éin av fem i den valde leiinga ved hovudkontor til Norsk Sjømannsforbund, før ho i 2006 vart vald til forbundsleiar.

Smith tok ikkje attval i 2014, men heldt fram sitt fagforeiningsarbeid internasjonalt gjennom at ho overtok stillinga som maritim koordinator i Den Internasjonale Transportarbeidarføderasjonen.

Kjelder endre

  1. Grande, Toril (21. oktober 2006). «Smith o'hoi». Dagbladet. Henta 9. november 2017. 

Bakgrunnsstoff endre