Miami
Miami er ein by som ligg søraust i den amerikanske delstaten Florida. Sjølve byen har 362 470 innbyggjarar (2000), men han er den største i tettstadområdet Miami–Fort Lauderdale–Pompano Beach som er det sjuande største i USA med over 5,4 millionar innbyggjarar.
Miami | |
---|---|
![]() | |
Styresmakter | |
Land Delstat Fylke |
USA Florida Miami-Dade County |
Grunnlagd | 1896 |
Geografi | |
Flatevidd | 143 148 642, 145,204218 km² |
Flatevidd - By |
143,15 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik - Byområde - Storbyområde |
5 413 212 4 433/km² 409 719 5 413 212 |
Diverse anna | |
Heimeside: https://www.miami.gov/ | |
Nettstad: www.ci.miami.fl.us |
Historie endre
Miamiområdet var opphavleg folkesett av tekestaene. I 1566 gjorde Pedro Menéndez de Avilés krav på området for Spania, og ein misjonsstasjon blei grunnlagd året etter. Fort Dallas blei bygd i 1836, og Miami-området blei slagstad for den andre seminolekrigen (1835-1842).
Sjølve byen blei grunnlagd i 1896 takka vera arbeidet til landeigaren Julia Tuttle, og er dermed den einaste storbyen i USA grunnlagd av ei kvinne. Ved den offisielle grunnlegginga den 28. juli 1896 hadde byen 300 innbyggjarar. Miami voks til i 1920-åra, men opplevde økonomisk nedgang då eigedomsbobla i Florida sprakk og under depresjonen på 1930-talet. Byen vart også råka av orkan i 1926. Under andre verdskrigen var Miami eit viktig senter for kampen mot tyske ubåtar, og folketalet voks. Etter at Fidel Castro kom til makta på Cuba i 1959 har også mange flyktande kubanarar slått seg ned i byen. I 2000 rekna 65,8 % av innbyggjarane i Miami seg som latinamerikanske (Latino eller Hispanic).
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Miami» frå Wikipedia på engelsk, den 11. november 2008.
- "QuickFacts for Miami (city), Florida" Arkivert 2012-06-21 ved Wayback Machine. frå United States Census BureauDenne geografiartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.