Jacques Hébert
(Omdirigert frå Jacques-René Hébert)
Jacques René Hébert, kjend under pseudonymet Père Duchesne (15. november 1757–24. mars 1794) var ein fransk avissmann og politikar.
Jacques Hébert | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 15. november 1757 Alençon |
Død | |
Yrke | journalist, politikar, redaktør, skribent |
Språk | fransk |
Politisk parti | Cordelierklubben |
Jacques Hébert på Commons |
Hébert søkte med sine temmeleg grovkorna artiklar i det folkelege bladet Le Père Duchesne å føre ordet for underklassen mot den hata kongemakta i Frankrike under den franske revolusjonen. Hébert, som i cordelierklubben leidde venstrefløya, dei såkalla hébertistane, hadde ei tid stor innverknad på den folkelege opinionen, særleg sansculottane.
Etter å ha kritisert Maximilien Robespierre i skarpe ordelag og freista vende den folkelege opinionen mot han, vart Hébert giljotinert våren 1794.
Kjelder
endre- Svensk Wikipedia.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |