Maximilien de Robespierre
(Omdirigert frå Robespierre)
Maximilien de Robespierre (6. mai 1758–28. juli 1794) var ein fransk jurist og revolusjonær. Han var medlem av stenderforsamlinga i 1788, den franske grunnlovsforsamlinga (1789-91), nasjonalkonventet frå 1792, og av Velferdskomitéen (Comité de salut public), som leidde Frankrike under skrekkveldet, frå 1793.
Maximilien de Robespierre | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 6. mai 1758 Arras |
Død | |
Yrke | politikar, advokat, journalist, revolusjonær |
Språk | fransk, italiensk |
Politisk parti | Jakobinar |
Religion | deisme |
Far | François de Robespierre |
Maximilien de Robespierre på Commons |
Robespierre var ein jakobinar som trudde fast på idéane til Rousseau og revolusjonen. Likevel enda han, som så mange andre på denne tida, livet sitt i giljotinen. Skrekkveldet enda nokre månader etter at Robespierre blei arrestert og avretta under Thermidor-reaksjonen i juli 1794.
Kjelder
endre- Tønnesson, Kåre, «Maximilien Robespierre» (16. mars 2009) i Store norske leksikon. Henta 9. november 2013.
Denne historieartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.