Jacques Henri de Durfort de Duras
Jacques Henri de Durfort, hertugen av Duras (9. oktober 1625–12. oktober 1704) var marskalk av Frankrike.
Jacques Henri de Durfort de Duras | |||
| |||
Fødd | 9. oktober 1625 Duras | ||
---|---|---|---|
Død | 12. oktober 1704 Paris | ||
Hus eller slekt | de Duras | ||
Land | Frankrike | ||
Mor | Elisabeth de La Tour d'Auvergne | ||
Far | Guy Aldonce I de Durfort | ||
Ektefelle | Marguerite Félice de Lévis | ||
Barn | Jean-Baptiste de Durfort, Jacques Henri II de Durfort, Félice Armande de Durfort |
Bror hans, Guy Aldonce de Durfort de Lorges, var òg marskalk av Frankrike. Han tente først under onkelen sin, Turenne, og under Condé. Han utmerkte seg i Mariendal og Alerheim.
I 1651 følgde han Condé inn i eit opprør, men kom attende i teneste hos kongen i 1657 med tittelen generalløytnant. Han spelte ei viktig rolle i erobringa av Franche-Comté og vart av Ludvig XIV utpeikt som guvernør i provinsen og marskalk i 1675. I 1689 tok han del i øydelegginga av Pfalz under niårskrigen.
Han gifta seg med Marguerite Félice de Lévis, dottera til Charles de Lévis, hertugen av Ventadour og Marie de La Guiche. Marguerite Félice var svigerinna til Charlotte de La Mothe Houdancourt og tante til hertuginna av Rohan-Rohan.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jacques Henri de Durfort de Duras» frå Wikipedia på engelsk, den 21. januar 2012.