Jakob Anderegg
Jakob Anderegg (11. mars 1829–17. september 1878) var ein sveitsisk fjellførar og -klatrar frå Oberwil im Simmental i kantonen Bern. Han døydde i Meiringen i same kantonen. Melchior Anderegg var syskenbarnet hans.
Jakob Anderegg | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 11. mars 1829 Oberwil im Simmental |
Død |
17. september 1878 (49 år) |
Yrke | fjellfører |
Anderegg var med på fleire av dei mest oppsiktsvekkande fyrstebestigingane i Vest-Alpane. Han var aktiv fjellførar både under den såkalla gullalderen for alpe-klatring, tida 1854-65, og i den såkalla sølvalderen for tindesporten i Alpane, år 1866 til ca 1885.
Fyrstebestigingar
endre- Balmhorn i Bern-Alpane - 21. juli 1864, saman med Frank, Lucy og Horace Walker, samt Melchior Anderegg
- Piz Roseg i Bernina-Alpane - 28. juni 1865, saman med Adolphus Moore og Horace Walker
- Ober Gabelhorn i Wallis-Alpane - 6. juli 1865, saman med Adolphus Moore og Horace Walker
- Pigne d'Arolla i Wallis-Alpane - 9. juli 1865, saman med Adolphus Moore og Horace Walker
- Gspaltenhorn i Bern-Alpane - 10. juli 1869, saman med G. E. Forster og Hans Baumann
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jakob Anderegg» frå Wikipedia på engelsk, den 10. oktober 2012.