Ober Gabelhorn er eit 4 063 meter høgt fjell i Wallis-Alpane i Sveits, i kantonen Valais. Fjellet ligg i fjellrekka mellom småbyane Zermatt og Zinal.

Ober Gabelhorn
fjell
Obergabelhorn og Grand Mountet-hytta. Nordveggen ligg i skuggen til venstre for toppen.
Land  Sveits
Fjellkjede Wallis-Alpane
Høgd 4 063 moh.
Primærfaktor 536 m ↓  mot Weisshorn
Koordinatar 46°02′18″N 7°40′04″E / 46.03833°N 7.66778°E / 46.03833; 7.66778
Lettast tilkomst Wellenkuppe and nordaust ridge. Basic snow climb, then mixed. AD-.
Førstestiging Adolphus Moore
 - dato 6. juli 1865
Kart
Ober Gabelhorn
46°02′18″N 7°40′04″E / 46.038333333333°N 7.6677777777778°E / 46.038333333333; 7.6677777777778
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Wikimedia Commons: Obergabelhorn

Geografi endre

Ober Gabelhorn ligg for sørenden av Zinal-dalen (del av Val d'Anniviers). Det reiser seg, saman med Dent Blanche i vest og Zinalrothorn i nord, over Zinalbreen. På sørsida av fjellet ligg Zmuttgletscher i Zmutt-dalen og som strekker seg til vest for Zermatt.

Ober Gabelhorn har, til liks med nærliggjande Matterhorn, form som ei pyramide, men i ein mindre skala. Berre den slette nordveggen er heildekt med is- og snøbrear. Dei andre fjellsidene er for det meste isfrie bergsider. Sørvestegga vert kalla for Arbengrat, medan nordnordvest-egga heiter Arête du Coeur. Søraustegga med utsyn ned i skaret Ober Gabeljoch (3 597 m) heiter Gabelhorngrat. Wellenkuppe er ein topp på nordaustegga med låg primærfaktor; denne vert vanlegvis klatra som del av normalruta til Ober Gabelhorn.

 
Austsida av Ober Gabelhorn med Wellenkuppe (høgre)

Klatresoge endre

Britane Adolphus Moore og Horace Walker saman med fjellføraren Jakob Anderegg stod 6. juli 1865 som dei fyrste på toppen. Turen gjekk opp austsida av fjellet.

Dagen etter fyrstebestiginga stod tre andre klatrarar; Francis Douglas, Peter Taugwalder og Joseph Vianin, på toppen av Ober Gabelhorn. Desse kom som dei fyrste opp langs nordnordvest-egga. Dei var ikkje kjende med at folk allereie hadde vore på fjelltoppen.

Douglas og Taugwalder hadde allereie fleire gonger prøvd å kome til topps, før dei lukkast 7. juli 1865. P. Inäbnit fylgde dei på deira fyrste forsøk langs søraustegga. Den gongen snudde dei ved fjellfoten grunna tidsnaud. På det andre forsøket nådde dei Wellenkuppe (3 900 m) på nordaustegga (dagens normalrute), men rekna egga vidare til topps som for vanskeleg. Fyrst på det tredje forsøket lukkast dei. Dei var forbløffa over å sjå fotavtrykk i austsida (Moore, Walker og Anderegg sine daggamle), men var letta over at ingen synlege spor var å sjå på fjelltoppen. På toppen sette dei seg ned for å ete. Brått løyste eit snøskred seg ut og heile toppen syntest skli vekk unna dei. Douglas og Taugwalder vart ført med skredet. Dei var framleis knytt til klatretauet. Vianin, som stod litt nedom dei to, klarte i ei snuing å beleggje tauet. Tauet rauk ikkje, så dei to vart berga. Douglas returnerte til Zermatt. Ei veke seinare omkom han under fyrstebestiginga av Matterhorn.

 
Ober Gabelhorn sett frå sør

Arbengrat vart klatra fyrste gongen i 1874 av H.S. Hoare, E. Hulton, J. von Bergen, P. Rubi og J. Moser. Ruta til Gabelhorngrat vart opna tre år seinare av J. Walker Hartley, W.E. Davidson, P. Rubi og Johann Jaun.

Nordveggen vart klatra fyrste gongen 30. juli 1930 av H. Kiener og R. Schwarzgruber. Dei starta frå Zermatt ved midnatt og føretok ei direkte 2000-meters oppstiging til fjellskaret Triftjoch. Foten av nordveggen nådde dei etter å ha traversert bresprekkene på Ober Gabelhorngletscher, og dei lukkast i å klive veggen. Fyrst 21 år seinare vart ruta klatra på nytt.

Christian Klucker og L. Norman-Neruda stod for den fyrste oppstiginga langs austnordaust-egga den 1. august 1890. No til dags brukar dei fleste klatrarane denne ruta, som startar ved Rothornhütte (ovanom Zermatt) og går over toppen av Wellenkuppe. Vanskelegaste punktet, Klucker-tårnet, er sidan 1918 sikra med faste tau.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre