Jakob Lund
Norsk prest
Jakob Lund (1690–1754) var ein norsk prest og diktar, fødd i Snåsa.
Lund vart cand.theol. 1714 og fekk same året kapellan-stilling i Bjørnør i Sør-Trøndelag. Frå 1729 til han døydde var han sokneprest i Aukra, sidan også prost i Romsdal. Han vert hugsa for å ha skrive bryllaupsdikt på romsdalsmål.
To lange bryllaupsdikt er presentert i årgangane 1929 og 1935 av Syn og Segn.
Kjelder
endre- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957