Jakob P. Rypdal

Jakob Pettersson Rypdal (19. februar 19266. desember 2015) var ein norsk friidrettsutøvar, gymnastikklærar og gardbrukar frå Tresfjord i Romsdal som vart noregsmeister i tresteghopp fire gongar i tida 1953-57. Han levde ugift.

Jakob P. Rypdal

Jakob Rypdal and Rune Nilsen.png
Jakob Rypdal og Rune Nilsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. februar 1926
Vestnes
Død

6. desember 2015 (89 år)

Idrett friidrett

AktivEndra

Kvart einaste år frå 1950 til 1960 sikra Rypdal seg ein NM-medalje i tresteghopp. Han vann gull i øvinga i 1953, 1954, 1955 og 1957. Dei hine åra fekk han med seg 5 NM-sølv og to NM-bronsar. Han deltok i 25 landskampar og EM i friidrett 1958. Den 15. mai 1960 sette han livsbeste med 15,06 meter heime i Tresfjord.[1]

Rypdal var medlem i Tresfjord IL. Han fekk kallenamnet «Tresteg-Jakob», både for å skilje han frå ein samnemnd sambygding og frå lagkameraten i Tresfjord IL, langdistanseløparen Jakob Kjersem.

Plassering i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra

NotarEndra