Jakt- och fiskesamerna
Jakt- och fiskesamerna er eit samisk politisk parti som er representert i Det svenske sametinget.
Jakt- och fiskesamerna | |||
Land | Sverige |
---|
Jakt- och fiskesamerna er det største partiet på det svenske Sametinget.[1] Etter sametingsvalet i 2013 hadde partiet ni av Sametingets trettien mandat, tre fleire enn i føre valperiode. I 2017 fekk partiet også ni mandat. Partileiaren er Håkan Jonsson.[2]
Partiets synspunkt
endreTil Jakt- och fiskesamernas hovudsaker høyrer alle samane sin rett til land og vatn uavhengig av andre faktorar, slik som yrke, kjønn, arbeid, bustad etc. Partiet meiner at fleire unge og velutdanna samar kjem til å ville flytte attende til Sápmi om dei får dei same rettane som dei samane som arbeider med reindrift.[treng kjelde]
Partiet arbeider også for at prinsippet «ein person, ei røyst» skal gjelde i samebyane (i staden for å gå ut i frå kor mange rein personen eig, slik som i dag.)[treng kjelde]
Partiet kjempar mot all form for rasisme og segregasjon, og vil at alle samiske bygningar og kulturelle minnesmerke skal bli restaurert og at utdanning skal vere tilgjengeleg på alle samiske språk.[treng kjelde]
Kjelder
endre- ↑ Pulk, Åse (28. mai 2013). «Jakt- och fiskesamerna ser ut til å vinne valget». NRK Sápmi.
- ↑ Olofsson, Alex (18. januar 2017). «Håkan Jonsson talar ut om det samiska valåret». NSD. Arkivert frå originalen 22. oktober 2019. Henta 22. oktober 2019.