Samar

innfødt finsk-ugrisk folkeslag i det arktiske området Sápmi
«same» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå same (fleirtyding).

Samar (tidlegare òg kalla lappar eller finnar) er eit folk som hovudsakleg høyrer heime i høgfjellsområda mellom Noreg og  Sverige, på Nordkalotten og på Kolahalvøya.

Det samiske flagget.
Samisk familie i Finland i 1936.

Samane som folkegruppe oppstod med det samiske språket, som oppstod i området mellom Sør-Finland og dei store sjøane i Karelen rundt byrjinga av vår tidsrekning, då vestleg uralsk delte seg i uraustersjøfinsk i sør og ursamisk i nord. Seinare spreidde samisk seg nordover, vestover og sørover, og erstatta eit tidlegare språk, som sette tydelege spor i samisk. I sør vart så samisk assimilert av finsk i løpet av det andre tusenåret av vår tidsrekning.

På grunn av assimileringspolitikken ovafor samane frå slutten av 1800-talet og framover er det vanskeleg å seie kor mange samar som finst. Eitt overslag er at det i det samiske befolkningsområdet bur om lag 75 000 samar. I overkant av ein tredel av desse snakkar ulike samiske språk, framfor alt nordsamisk.

Tradisjonelle samiske levevegar inkluderer reindrift, der dei følgjer etter store reinflokkar på beitevandring, kystkultur, med kombinasjon av småbruk og fiske — gjerne kombinert med båtbygging eller anna handverk og husflid (i Noreg), og innlandsfiske (som t.d. i Enare).

Namn endre

Namnet «same» er den skandinaviske forma av det samiske ordet sápmi (nordsamisk) eller saemie (sørsamisk), som viser til både område, folkegruppe og språk.

Opphavet til ordet saemie eller sápmi er eit lån til ur-samisk/finsk frå urbaltisk *žeme ’land’ (jf. russisk земля [zemljá], som i Novaja Zemlja, ’Nyland’) til urfinsk-samisk *šämä ’landet (i nord)’, dvs. den delen av Finland baltarane hadde kontakt med.[1] Dette ordet gjennomgjekk seinare den særfinske lydendringa š → h (ei lydendring som vi ikkje fekk i samisk), så vi fekk Häme, namnet på området Tavastland (der Lahtis ligg). I samisk gjekk ordet i staden gjennom lydendringa š → s, og i sterkt stadium i nordlege dialektar også gjennom dissimileringa m → pm, slik at vi fekk Sápmi, ’Sameland’. Det same ordet *sämä lånte baltarane attende frå finnane (før lydendringa š → h i finsk) som namn på Finland, i forma *šāma. Denne forma dukka så opp i seint urfinsk-samisk som *šāma. Lang ā vart til lang ō i sein urfinsk, vi fekk *sōme, som framleis er den estiske namnet på Finland (Soome), og deretter diftongering av lange midtvokalar og e → i i slutten av ord i overgangen til moderne finsk, slik at sluttresultatet er Suomi. Dei som budde i «Det egentliga Finland» (Åboland), tavastlendingane og samane, dvs. suomalaiset, hämäläiset og sápmelaččat har altså alle etnonym som går attende til same lånord, ordet for ’land’ i urbaltisk.

Orda sápmelaš og hämäläinen har same struktur: hápmelačča < *šämä-lä-nce > hämä-lä-inen, der -la/-lä er eit affiks som tyder "stad", mens *-nce tyder "person frå denne staden".

Ein konkurrerande teori er at šämä går attende til eit etnonym med tyding "svart", altså at samane / tavastlendingane skulle vere dei svarte, i motsetnad til namnegjevarane (dei kvite). Jf. Koivulehto 1997 i festskrift til Kiviniemi). Eit argument for denne teorien er nettopp bruken av -la- i etnonymet, i og med at det -la tyder "stad" burde ordet det står til ikkje vere ordet for ein stad. Koivulehto sin teori er ikkje allment akseptert.

Det er truleg samane Tacitus skriv om når han i De origine et situ Germanorum frå år 98 nemner fenni.[2]

Nemninga «skridfinnar» vart nytta om samane av Prokopios kring år 550.[3] Han nytta forma skrithiphinoi.[3] Namnet kjem frå norrønt «skríða», 'løpe på ski', og «finnar» i den gamle norske tydinga 'samar'.[3]

Historie endre

For meir om dette emnet, sjå Samisk historie.

Då dei germanske og baltiske folkeslaga kom til Baltikum og Norden med jordbruket, støtte dei på jegerkulturar. Dei sørlege folkegruppene kom inn under framand påverknad og vart jordbrukarar, og språket deira vart utvikla m.a. til dei austersjøfinske språka. Lenger nord, utan dei same vilkåra for jordbruk, vart dei nordlege folkegruppene verande utanfor denne påverknaden, og språket deira utvikla seg i ei anna lei til samisk.

Arkeologiske funn tydar på samisk tilknyting til skiferkulturen og til den kamkeramiske kulturen.

Jernalder og mellomalder endre

I neolittikum og bronsealder tyder arkeologiske funn på noko kontakt mellom samiske og norrøne folkegrupper, men av dei hovudsakleg levde i ulike kulturtradisjonr. Frå jernalderen av er det meir spor etter kulturblanding. Samtidig kan gruppene ha blitt «mer oppmerksomme på sin egenart.»[4]

På slutten av 700-talet skreiv Paulus Daconus ved Karl den store sitt hoff om skridfinnar, og viser til skia til samane. På 800-talet skildra Ottar eit folk som passa rein og vart kalla fenni. I Historia Norvegiæ, ei Noregshistorie frå 1200-talet, blir landet skildra slik at nordmennene budde langs kysten, og samane på innlandet.

Tidleg nytid endre

Frå tidleg på 1700-talet styrka dei nordiske statane seg, og dei oppretta misjonsverksemd både på Grønland og i Sameland. Samemisjonen både i Danmark-Noreg og Sverige-Finland trykte samiskspråklege religiøse testar og sende prestar til dei samiske områda. Denne politikken heldt, med ein del variasjon, fram til slutten av 1800-talet. I den same perioden vart også dei fleste statsgrensene i Sameland fastsett.

Assimilering og pengeøkonomi endre

Frå og med slutten av 1800-talet innførte statane ein ny politikk, der fokuset skifta frå kristning til språkleg og ideologisk assimilering inn i majoritetssamfunna.

Ein ny samepolitikk endre

Frå og med 1970-talet har Noreg, Finland og Sverige i varierande grad ført ein meir positiv samepolitikk, med grunnlegging av Sameting, innføring av samisk i skoleverket og oppbygging av samiske institusjonar.

Språkforsking endre

For meir om dette emnet, sjå Samisk språkforsking.
For meir om dette emnet, sjå Samisk språkhistorie.

Vitskapleg forsking på samiske språk går nesten 300 år attende i tid, med Pehr Fjellströms (1697-1764, prest i Lycksele) sin grammatikk Grammatica Lapponica ('samisk grammatikk') (1738) og ordbok Dictionarium Sueco-Lapponicum ('svensk-samisk ordbok'), begge over umesamisk. Eit sentralt resultat kom då János Sajnovics (1733-1785) med hjelp av Anders Porsanger ungarsk var i slekt med samisk, lenge før grunnlegginga av indoeuropeisk samanliknande språkvitskap.

På slutten 1800-talet kom finsk språkhistorie i fokus for internasjonal språkforsking via Vilhem Thomsens avhandling frå 1868 Den gotiske Sprogklasses indflydelse paa den Finske, som viste at urnordiske lånord hadde vorte bevart bortimot uendra i austersjøfinske og samiske språk. Avhandlinga fekk stor innverknad på språkforskinga i Finland. For å forstå den finske språkhistoria var det naudsynt å ha ei forståing av samisk språkhistorie, dette vart dermed oppstarten til ei sterk intreesse for samisk språkhistorie frå finske forskarar.

Dei samiske språka utgjer ei av dei 9 greinene som framleis blir snakka i den uralske språkfamilien, ursamisk og uraustersjøfinsk er resultat av ei oppsplitting av den vestlege delen av dei uralske språka i slutten av det siste tusenåret før vår tidsrekning. Samisk er også prega av eit sterkt innslag av eit (eller fleire) no utdøydd(e) substratspråk, som vart snakka i det nordlege Fennoskandia før bruken av samisk ekspanderte nord- og vestover rundt byrjinga av vår tidsrekning. Dette kan sameinast med at DNA-studier viser at samar og finnar skil seg frå kvarandre ein god del DNA-messig.

Genforsking endre

Frå og med 1990-talet har dei etniske gruppene i Europa og Sibir vorte genetisk kartlagt, framfor alt med hjelp av mitokondrie-DNA. Det har t.d. vist seg at den genetiske distansen mellom samar og samojedar er større enn mellom danskar og samojedar. Genetisk sett skil samane seg meir frå dei andre europeiske folka enn dei skil seg frå kvarandre, sannsynlegvis fordi dei stammar frå ei lita gruppe forfedrar som kom frå ulike område. Forskinga tyder på at samar har mitokondrie-gen frå folk som levde på den iberiske halvøya under istida yngre dryas.[5]

Den første innvandringsbølgja som kom til norskekysten skal ha vore menneske som hadde budd på den iberiske halvøya. Ei ny innvandringsbølge kom frå Svartehavet eller Ukraina.[6] Truleg kom det ei seinare innvandring frå aust, sannsynlegvis frå Sibir, og desse menneska blanda seg med gruppene som allereie budde i Skandinavia og gav opphav til det vi i dag kjenner som samar, ifølgje genetikaren Torsten Günther.[7]

Samar i moderne tid endre

Overgangen frå ein stor grad av sjølvberging til ein pengeøkonomi fall saman med den målretta assimileringspolitikken, i alle landa der det bur samar. Som result av dette har samane i langt større grad enn urfolk i andre land tatt del av levestandardauka i den same perioden.

Reindriftsnæringa har, særleg etter innføringa av snøscooteren på midten av 1960-talet, vorte meir kapitalintensiv. I reindriftsnæringa i Noreg var det 950 årsverk i 2015,[8] nesten alle som driv med rein i Noreg er samar. Reindrifta i Finland skil seg frå den i Noreg ved at berre ein liten del av reindriftsutøvarane er samar. Mange samar er sysselsette i andre primærnæringar, som jordbruk og fiske. I pakt med moderniseringa har samane også gått inn i tertiærnæringane i dei samiske områda, særleg etter at dei samiske områda frå 1970-talet og framover har fått fleire og fleire utdanningsinstitusjonar.

Båtbygging var ein viktig næringsveg for mange samar tidlegare.[9] Båtbyggartradisjonen i Nord-Noreg har vorte stadig mindre utbreidd; i heile Nord-Noreg er det berre ein handfull eldre menn som opprettheld tradisjonen (2010-talet).[10]

Talet på elevar i norsk grunnskole som tok i mot undervising i samisk førstespråk var 2 116 i skoleåret 2014/2015.[11] Av desse fekk 74 undervising i sørsamisk, 99 i lulesamisk, og 1 943 i nordsamisk.[11]

Kjende samar endre

Litteratur endre

For meir om dette emnet, sjå Samisk litteratur.

Musikk endre

 
Rapparen Amoc i Oulu (norsk, Uleåborg) i 2005 (Govva: Eino81)

Biletkunst endre

Film og teater endre

Politikk og samfunn endre

 
Medlemmar av det norske Sametinget i perioden 2005–2009.
 
Tiina Sanila-Aikio, finsk sametingspresident.
 
Ann Mari Thomassen, sametingsrepresentant

Idrett endre

Sjå òg endre

Fotnotar endre

  1. Framstillinga av etymologien for sápmi baserer seg på Koivulehto 1993.
  2. Odd Mathis Hætta. "The Sami - Before and Now". March 2002; number 2. The Norseman. s. 5"... Tacitus ... in his De origine et situ Germanorum ... Hætta is assistant professor at the University College in Finnmark"
  3. 3,0 3,1 3,2 «skridfinner». Store norske leksikon. Henta 12. oktober 2019. 
  4. «Endringer i et samisk-norrønt grenseland». Norsk institutt for kulturminneforskning. Henta 14. oktober 2019. 
  5. Bjørn Vassnes (22. februar 2018). «De første innvandrerne». Klassekampen. 
  6. Population genomics of Mesolithic Scandinavia: Investigating early postglacial migration routes and high-latitude adaptation
  7. Frid Kvalpskarmo Hansen (9. januar 2018). «Dette var de første nordmennene». NRK. 
  8. «TOTALREGNSKAP FOR REINDRIFTSNÆRINGEN - RAPPORT NR. 4 / 2017». Landbruksdirektoratet. 14.12.2016. s. 2. 
  9. «Fokus på samisk båtbygging». Harstad Tidende. Henta 14. oktober 2019. «fartøyvernkonsulent Sverre Nordmo. [...] på 1400-tallet ble så mye som 75 prosent av Jektene i Ofoten- og Sør-Troms bygd av samer. Verktøyfunn tyder også på at samer i sin tid bygde vikingskip [...], sier Nordmo.» 
  10. «Ulf Mikalsen er en av våre siste båtbyggere». NRK. Henta 13. oktober 2019. 
  11. 11,0 11,1 Åse Pulk. «Antallet samiskelever går ned». NRK. Henta 13. oktober 2019. 
  12. Tahkolahti, Jaakko (2001). «Nils-Aslak Valkeapään muistokirjoitus». Helsingin sanomat. Henta 20.2.2012. 
  13. The History of Nordic Women's Literature. Vitja 2019-10-14. «She is primarily known as an author of children’s books»
  14. NRK Sápmi 6. juni 2018 Samisk artist med i «Stjernekamp»
  15. «Samerådets litteraturpris til ung forfatter». NRK. Henta 15. oktober 2019. 
  16. «Årets samiske artist 2013». www.ifinnmark.no (på norsk). 15. januar 2013. Henta 11. november 2018. 
  17. Hautala-Hirvioja, Tuija (31.12.2013). «Saamelainen kuvataide Suomessa – kolmen kuvataiteilijasukupolven kautta tarkasteltuna». Tahiti. Henta 13.6.2017. 
  18. Frank Bakke-Jensen visste ikke om sitt samiske opphav - tar oppgjør med hets. 2019-02-06. VG. «[...] førte til at han som godt voksen oppdaget sitt samiske opphav og meldte seg inn i samemanntallet»

Litteratur endre

  • Carpelan, Christian, Asko Parpola og Petteri Koskikallio 1999: Early Contacts between Uralic and Indo-European. Mémoires de la Société Finno-Ougrienne 242.
  • Koivulehto, Jorma 1993: Suomi. Virittäjä s. 400-408 pdf
  • Rasmussen, Torkel 1999: Sámegiella lea jávkamin. 10 jagi gielain ja mielain. Sámi allaskuvlla avvoseminára raporta. skábmamánu 1.-3. beaivvi 1999. p. 16-19.
  • Sammallahti, Pekka 1984: Saamelaisten esihistoriallinen tausta kielitieteen valossa. Suomen väestön esihistorialliset juuret. Bidrag till kännedom av Finlands natur och folk ; 131, S. 137-156. Helsinki, 1984.
  • Sammallahti, Pekka 1989: A linguist looks at Saami prehistory. Acta borealia : Nordic journal of circumpolar societies.6(1989)no. 2
  • Sammallahti, Pekka 1998: Zur Herkunft der Lappen. Jahrbuch für finnisch-deutsche Literaturbeziehungen : [Mitteilungen aus der Deutschen Bibliothek Helsinki]. Nr. 30(1998) S. 16-22. Helsinki : Deutsche Bibliothek.
  • Sammallahti, Pekka 1998: The Saami languages : an introduction. Kárásjohka : Davvi girji, c1998.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Samar
Historie
Genetisk historie