James Glencairn Cunningham

James Glencairn Cunningham (19031996) var ein nordirsk politikar for Ulster Unionist Party, militær offiser og eigar av Belfast-avisa Northern Whig.

James Glencairn Cunningham
Fødd1903
Død1996 (93 år)
Statsborgar avStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
PartiUlster Unionist Party
Yrkepolitikar
Utdanna vedFettes College

LivEndra

Familie, oppvekst og utdanningEndra

James Glencairn Cunningham var fødd inn i ein kjend og velståande nordirsk familie med sterke unionistiske tradisjonar og skotsk slektshistorisk opphav. Tidleg barndom og oppvekst var i Shankill Road-området i Belfast, der han gjekk på Mourne Grange Preparatory School.[1]

Faren Samuel Cunningham var òg forretningsmann og unionistpolitikar. Brørne hans var aksjemeklaren Josias Cunningham, tobakksfabrikanten Dunlop McCosh Cunningham og advokaten Sir Samuel Knox Cunningham (Westminster-MP for Ulster Unionist Party). Alle gjekk på Royal Belfast Academical Institution og studerte vidare ved Fettes College i Edinburgh.

Tidleg i 1920-åra vende han attende til Belfast, og gjekk då inn i staben i den familie-åtte avisa Northern Whig. James Glencairn Cunningham var ogso ein periode direktør for Glencairn Trust Ltd og The Commercial Insurance Company of Ireland, og var sentral i utforminga av investeringspolitikken i Belfast Savings Bank ein periode.

Cunningham gifta seg 5. februar 1929 med Mollie Barbour (1907–1998). Dei fekk to søner, Samuel Barbour og Roland Glencairn, og ei dotter, Anna Mollie. Cunningham var presbyterianar, og gjennom mange år var han leiar for Killyleagh First Presbyterian Church committee.[1]

Deltaking i andre verdskrigenEndra

Cunningham tenestegjorde i fleire ulike avdelingar under andre verdskrigen, og krigen bragte han både til Frankrike (der han var blant dei evakuerte frå Dunkirk), dinest til London under blitzen og til slutt til Burma og India frå mai 1942. I 1945 fekk han tildelt ein militær Order of the British Empire (OBE).[1]

Karriere i politikk og media etter krigenEndra

Heime i Nord-Irland tenestegjorde han i den mest illgjetne delen av det militariserte politiet B-specials.

Etter krigen fylgde han i fotefara til faren inn i Belfast-avisa Northern Whig, der James vart eigar og administrerande direktør.

Han var president for Ulster Unionist Council den største representative forsamlinga innanfor Ulster Unionist Party frå 1957 til 1965 og frå 1967 til 1972.[treng kjelde] Han representerte og partiet som medlem i senatet for Nord-Irland frå 1957 til 1965 og frå 1967 til 1972.[2] Cunningham var ogso livslang medlem i Orangeordenen.[1] Han var dessutan visepresident for senatet 1964-1965.

I dei interne unionistpartikontroversane om det var rett av statsminister Terence O'Neill å invitera den irske statsministeren Séan Lemass til Belfast i 1965, forsvara Cunningham denne avgjerda, men var då ogso ute av takt med den unionistiske grasrota.[3] Det er likevel ikkje rett å rekna Cunningham som ein liberal reformator av unionistpartiregimet. I 1969 argumenterte han mot innføring av prinsippet om ein person-ei røyst ved lokalval i Nord-Irland. Omsynet til å halda partiet samla, tilsa det, meinte han.[4] Det finst fleire døme som tyder på at han heller var ein tradisjonalist og ein antireformist.[5] I Dictionary of Irish Biography vert han likevel framstilt som ein politikar merkt av godvilje og toleranse på tvers av politiske skiljeliner. Som døme på dette er det trekt fram hans vilje til samarbeid med folkevalde frå Nasjonalistpartiet i samband med ei dyrevernlov tidleg på 1960-talet.

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «James Glencairn Cunningham». Dictionary of Irish Biography. Henta 28. juli 2019. 
  2. John Harbinson: The Ulster Unionist Party 1882-1973. It's development and organisation. Belfast, Blackstaff Press 1974, s. 206. ISBN 85640-076-9
  3. Henry Patterson og Eric Kaufmann: Unionism and Orangeism in Northern Ireland since 1945. The decline of the loyal family. Manchester, Manchester University press 2007, s. 68ff. ISBN 978-0-7190-7744-9
  4. Patterson, Kaufmann. s. 85f.
  5. Patterson, Kaufmann, s. 152, 158.