James McFadden (fødd 14. april 1983 i Glasgow) er ein skotsk fotballspelar som har spela for Birmingham City i engelsk Premier League og for det skotske fotballandslaget.

James McFadden
Personleg informasjon
Fødd 14. april 1983
Fødestad Glasgow
Høgd 178 cm
Posisjon Ving, spiss
Klubbinformasjon
Noverande lag
Birmingham City
Nummer 16
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2000-03
2003-08
2008-
Skottland Motherwell
Everton
Birmingham
70 (32)
109 (11)
82 (13)
Landslag
2002- Skottland Skottland 48 (15)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 14. september 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 4. september 2010

McFadden debuterte som profesjonell fotballspelar for Motherwell i skotsk Premier League i 2000/01-sesongen, 17 år gammal. Han vart kåra til årets unge skotske spelar av det skotske fotballforbundet i 2003. Same året vart han selt til engelske Everton for 1,25 millionar pund. Dei første tre sesongane sine i klubben spelte han dei fleste ligakampane, men frå 2006/07-sesongen fekk han færre kampar for Everton. I januar 2008 gjekk han til Birmingham for 5 millionar pund og har spelt regelmessig for førstelaget der.

McFadden debuterte for Skottland sitt A-landslag som 19-åring, i ein privatlandskamp mot Sør-Afrika. Han skåra det første landslagsmålet sitt 6. september 2003 i ein EM-kvalifiseringskamp mot Færøyane.