Opna hovudmenyen
Jammerbugt med Bulbjerg i bakgrunnen.

Jammerbugt er ei bogeforma 100 kilometer lang kyststrekning på vestsida av Nørrejyske Ø i Danmark, mellom Hirtshals, Løkken og Bulbjerg. Bukta er eigenleg ein lut av Skagerrakkysten. Sørover går Jammerbukt over i Vigsø Bugt mot Hanstholm.

Kyststrekninga er utsett for nedbryting av bølgjene under storm, særleg i området kring Lønstrup. Ymse tiltak er gjort for å hindre dette, men utan avgjerande verknad. Men sør for Løkken og ved Svinkløv er kyststrekninga stabil eller jamvel i vekst ved at havet tilfører massar. Hamnene i Hirtshals og Hanstholm er viktige fiskerihamner.

Etter den danske kommunereforma i 2007 vart Jammerbugt Kommune namnet på den nye kommunen som dekkjer ein storpart av området.