Hirtshals
Hirtshals er ein by i Vendsyssel i Danmark. Han har 5857 innbyggjarar (2018). Han var senter i Hirtshals kommune fram til den danske kommunalreforma i 2007, då Hirtshals kommune blei del av Hjørring kommune.
Hirtshals | |||
Byen sett frå Hirtshals fyr.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Region Nordjylland | ||
Kommune | Hjørring kommune | ||
Areal | 929,58 km² | ||
Folketal | 5 857 (Hirtshals by) | ||
Tidssone | CET | ||
![]() Hirtshals | |||
Wikimedia Commons: Hirtshals | |||
Byen er kjend for fiske- og ferjehamna si. Han har ferjesamband med Kristiansand, Larvik, Langesund, Stavanger og Bergen i Noreg. Det går motorveg frå byen direkte til Aalborg og vidare til Tyskland. Hirtshals hamn blei utbygd i 1919–1931 og sterkt utvida i 1966. Ho er den nest største fiskehamna i Danmark etter omsett mengd, berre overgått av Esbjerg på sørvestkysten av Jylland.
Nordsøakvariet i Hirtshals er eit av dei fremste saltvassakvaria i Norden, og tek særleg for seg livet i Nordsjøen. Akvariet er tilknytt Nordsømuseet. Sommarturismen knytt til museet og ferjetrafikken er betydeleg.
Nær Hirtshals fyr ligg Bunkermuseet Hirtshals. 10. batteri er det einaste utgrovne, komplette tyske forsvarsanlegget frå andre verdskrigen i Danmark som er ope for publikum.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Hirtshals» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juni 2020.