Opna hovudmenyen

Jan Fuglset

norsk fotballspelar

Jan Fuglset (fødd 1. oktober 1945) er ein norsk tidlegare fotballspelar og lærar frå Molde. Midtspissen spelte for høvesvis Molde FK og Fredrikstad FK i tida 1963-82 og skåra til saman 109 mål i 1. divisjon.

Jan Fuglset
Fødd 1. oktober 1945
Molde
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Fuglset debuterte for Molde FK i 3. divisjon i 1963. Haustsesongen 1967 melde han seg inn i Fredrikstad Fotballklubb då han byrja på lærarskulen i Halden. Gjennom fem sesongar skåra han 52 mål på 93 seriekampar, og var toppskårar i 1. divisjon 1971 med 17 mål. I 1973 flytta han tilbake til Molde og var med å spele Molde FK opp frå 2. divisjon i sin fyrste sesong. Han var toppskårar 1. divisjon 1976 med 17 mål, seks av måla kom då Strømsgodset vart slått 6-0 på bortebane i årets siste seriekamp, ein siger som berga Molde frå nedrykk. Frå 1976 var han tidvis spelande trenar, hovudtrenar 1982–84 og 1992–93.

Fuglset spelte 20 landskampar for Noreg i perioden 1970-74, og noterte seg for seks nettkjenningar. Også broren Tor Fuglset spelte landskampar for Noreg.

MerittarEndra

  • NM-sølv: 1969 og 1971 med Fredrikstad FK
  • Seriesølv: 1974 med Molde FK

KjelderEndra