Molde er ein by og administrasjonssenteret i Molde kommune i Møre og Romsdal. Byen ligg på nordsida av Moldefjorden, ei fjordstrekning i den opne, breie delen av Romsdalsfjorden, innanfor Otrøya. Tettstaden Molde omfattar det gamle bysentrumet og byggefelta rundt byen, og har 21 854 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Molde
by
Molde sett frå Moldefjorden
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Molde
Areal 9,06 km²
Folketal 21 854  (2023)
Folketettleik 2 412 / km²
Postnummer 6400 MOLDE
Innbyggjarnamn moldensar, molding
Preposisjon i / på Molde
Kart
Molde
62°44′15″ N 7°9′47″ E

I Molde ligg fylkesadministrasjonen i Møre og Romsdal. Byen er også sete for statsforvaltaren og har fleire fylkeskommunale og statlege institusjonar. Molde har regionalt sjukehus og regionteater. Det ligg fleire vidaregåande skolar i byen. Høgskolen i Molde har avdelingar for økonomi, informatikk, samfunnsfag og helse- og sosialfag. Molde er bispesete for Møre bispedømme.

Historie endre

 
Molde sett frå Varden

Molde er allereie i 1614 nemnd som ladestad under Trondheim. Då amtinndelinga av Noreg vart innført, vart Molde sete for amtmannen i Romsdals amt. Molde vart kjøpstad i 1742 og oppretta som bykommune i 1837.

Byen var mot slutten av 1800-talet prega av allear, parkar og hagar, og Molde vart såleis kalla «Rosenes by». Byen utvikla seg etter kvart til ein populær stoppestad for turistskip. Vilhelm II av Tyskland var ein årleg gjest i byen i perioden før den første verdskrigen. Molde fekk god økonomisk tilførsel som følgje av turismen, som varte fram til krigen og ein brann i byen i 1916 øydela bygningar i den austlege delen av byen.

Molde sentrum vart øydelagt av bombeåtak i 1940, og sentrum vart bygd opp att etter den andre verdskrigen. Bysenteret er derfor prega av ny arkitektur, og med ei blanding av både eldre og nyare hus og hagar langs kysten og oppover fjellskråningane.

I 1957 var Molde domkyrkje innvigd. Kyrkja er teikna av arkitekten Finn Bryn. I 1998 opna Aker stadion vest for sentrum og like attmed var det karakteristiske Seilet hotell og kulturhuset Bjørnsonhuset bygd ferdig i 2002. Alle tre er teikna av arkitekten Kjell Kosberg. På Molde ligg også Romsdalsmuseet med mange historiske bygningar og Moldegård med fleire patrisiarhus og historiske minnesmerke, både på Veøy i sentrum og på Bolsøya sør for byen.

Næringsliv endre

Dei viktigaste næringane på Molde er offentleg administrasjon, tenesteyting og varehandel, noko som heng saman med Molde som administrasjonssenter og handels- og turistby. Molde er sentrum for eit omland på om lag 65 000 menneske, som omfattar Romsdal og nærliggande delar av Nordmøre.

Dagsavisa Romsdals Budstikke kjem ut i byen og dekker Molde og dei omliggande kommunane. NRK Møre og Romsdal har lokalkontor på Molde.

Jazzfestivalen Moldejazz og litteraturfestivalen Bjørnsonfestivalen vert arrangert på Molde årleg om sommaren.

Samferdsel endre

Europaveg 39 går gjennom Molde sentrum og er det viktigaste sambandet mellom nord og sør. Vegen går sørover med bilferje frå Molde til Furuneset i Vestnes kommune. Nordover fører vegen til Kristiansund via Gjemnes kommune og Krifast.

Fylkesveg 64 bind Molde til Kristiansund via Atlanterhavsvegen på Romsdalskysten. Vegen fører søraustover til europaveg 136Åndalsnes og vidare opp Romsdalen til Dombås. Det er korrespondanse med buss til og frå Molde med toga som går til og frå Åndalsnes, som er endestasjonen for Raumabanen.

Molde er stoppehamn for Hurtigruta. Flyplassen Molde lufthamn, Årø ligg 5 kilometer aust for bysenteret.

Bilete frå Molde endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre