Jane King (fødd i 1952) er ein diktar frå Saint Lucia som har ei leiande stilling i engelskspråkleg karibisk litteratur i etterkrigsgenerasjonen.[1]

Jane King

Statsborgarskap Saint Lucia
Fødd 1952 (72 år)
Castries
Yrke lyrikar, skribent

Jane King blei fødd i Castries på Saint Lucia, men hadde ein omflakkande barndom der familien hennar budde på Trinidad and Tobago, Barbados og i Skottland dei første åra av livet hennar. Etter å ha gått på skulen St Joseph's Convent på St Lucia vann ho eit lokalt stipend til å studera ved University of Edinburgh. Sidan 1976 har ho undervist ved ulike institusjonar, mellom anna Sir Arthur Lewis Community College i Castries, der ho også har vore Dean for Division of Arts and General Studies.

King har gjeve ut to diktsamlingar: Into the Centre (1993) og Fellow Traveller (1994). Sistnemnde vann Commonwealth Writers Prize for Karibia og Canada og James Rodway Memorial Prize.

Jane King er også ein skodespelar og regissør, og var med på å skipa St Lucia's Lighthouse Theatre Company.

Ho er gift med diktaren Kendel Hippolyte.

Kjelder

endre
  1. Dawes, Kwame (2001). Talk Yuh Talk. s. 173. 

Bakgrunnsstoff

endre