Jarama er ei elv sentralt i Spania og ei av sideelvane til Tajo. Ho renn frå nord til sør og passerer aust for Madrid. Ho munnar ut i Tajo i Aranjuez. Manzanares er ei av sideelvane til Jarama.

Jarama
elv
Jarama Titulcia.jpg
Jarama i Titulcia
Land Flag of Spain.svg Spania
Nedslagsfelt 5 047 km²
Lengd 190 km
Middelvassføring 31,7 /s
Kjelde Sierra de Ayllón
 - høgd 2 119 moh.
Munning Tajo
 - høgd 494 moh.

Jarama
40°1′54″ N 3°38′58″ W
Wikimedia Commons: Jarama River

Den spanske borgarkrigenEndra

Under den spanske borgarkrigen ved Paracuellos del Jarama vart om lag 1000 fascistfangar drepne av den republikanske militsen under slaget ved Madrid (8.-9. november 1936). Det er omstridd om Santiago Carrillo, kommunistleiaren i Madrid, gav ordre om desse avrettingane eller ikkje, sjølv om dei vart utført under hans leiing.[1][2]. Han har sidan nekta for dette.[3].

Jarama var åstad for intense kampar under slaget ved Jarama i 1937. Nasjonaliststyrkar kryssa elva i eit forsøk på å avskjere hovudvegen mellom Madrid og Valencia og isolere den republikanske hovudstaden. Nasjonaliststyrkane leia av den spanske framandlegionen og marokkanske soldatar (Regulares) i den afrikanske armeen vart møtt av styrkar frå Republikken, inkludert den 15. internasjonale brigaden. Den 15. brigaden bestod av både britiske og amerikanske frivillige. Trass store tap klarte republikanarane å stoppe nasjonalistane like før dei nådde målet sitt. Det følgde ein periode med skyttargravskrig før fronten stabiliserte seg. Slaget kosta begge sider totalt opp mot 45 000 liv.

KjelderEndra

  1. Ian Gibson, «Paracuellos. Cómo fue». 1983, Plaza y Janés. Barcelona.
  2. César Vidal Manzanares, «Paracuellos-Katyn: Un ensayo sobre el genocidio de la izquierda». 2005, Libroslibres ISBN 84-96088-32-4
  3. Entrevista con Santiago Carrillo. elmundo.es. 24. november 2000.