Jarfjorden

fjordarm av Varangerfjorden

Koordinatar: 69°42′53″N 30°25′30″E

Jarfjorden (nordsamisk Ruovdevuotna) er ein fjordarm av Varangerfjorden i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 21 km sørover til Jarfjordbotn.

Jarfjorden sett frå Riksveg 886.

Fjorden har innløp mellom Oterneset i vest og Rundskjeret i aust. Like innfor innløpet ligg den Litle Jarfjorden nesten parallelt til Jarfjorden på austsida. Det ligg få busetnader innover i fjorden før bygda Lanabukt på austsida. Eit stykke lenger sør ligg grenda Storbukt og bygda Tårnet. Her svingar fjorden nesten nitti grader vestover og inn det siste stykket til Jarfjordbotn.

Riksveg 886 går langs sørsida av fjorden.