Jarnbanesville, eller berre sville, er rektangulære elemenet laga av tre, stål eller armert betong som ligg side om side med høvelege jamne mellomrom på tvers under dei to skjenene i eit jarnbanespor for å halde skjenene på plass og i rett avstand frå kvarandre, og overføre tyngda av toga til den underbygginga av grus eller pukkstein som sporet ligg på. Svillene er halde fast i grus- eller pukklaget, ballasten, ved at grusen eller pukken er pakka fast ikring dei ved hjelp av maskinar laga til slikt bruk. Skjenene er festa til svillene med ulike innretningar, avhengig av mellom anna om svillene er av tre, betong eller stål. Tresviller, som var det vanlegaste tidlegare, og framleis vert nytta, men som for det meste er erstatta med betongsviller på hovudstrekningar, er gjerne trykkimpregnert med kreosot for ikkje å rotne.

Jarnbaneskjener som ligg på stålsviller til venstre, deretter ei impregnert sville av tre, og til høgre betongsviller.
Betongsviller på ei jarnbane under bygging. Seinare vert det kjørt på pukk som vert pakka godt ikring svillene med maskinar. Tidlegare vart dette arbeidet gjort med handemakt.

Bakgrunnsstoff endre