Jasmine Camacho-Quinn

Jasmine Camacho-Quinn (fødd 21. august 1996) er ein friidrettsutøvar frå Puerto Rico som tevlar i 100 meter hekk. Ho vart olympisk meister i øvinga under dei olympiske leikane i Tokyo i 2021. Camacho-Quinn sette personleg og olympisk rekord med 12,26 sekund i semifinalen under OL i Tokyo. I OL-finalen vann ho gullmedaljen på tida 12,37. Sidan sikra ho seg bronsemedaljen på korthekken ved VM i friidrett 2022 og sølvmedaljen ved VM i friidrett 2023.

Jasmine Camacho-Quinn


Statsborgarskap USA
Fødd 21. august 1996 (28 år)
Charleston i Sør-Carolina
Idrett 100 meter hekk, 100 meter sprint, Lengdehopp, 200 meter
Tok del i Friidrett under Sommar-OL 2016, Friidrett under Sommar-OL i 2021, NACAC-mesterskapet i friidrett (U23) 2016, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 100 meter hekk kvinner

Kjelder

endre
  Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.