Jbeil distrikt
Byblos eller Jbeil distrikt (Qadaa' Jbail) (arabisk قضاء جبيل) er eit distrikt (qadaa) i Libanonfjella guvernement i Libanon, nordaust for hovudstaden Beirut. Det administrative senteret er Byblos, òg kalla Jbeil.
Byblos eller Jbeil distrikt | |||
قضاء جبيل | |||
distrikt | |||
Byblos hamn
| |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Libanonfjella guvernement | ||
Adm. senter | Byblos | ||
Koordinatar | 34°07′N 35°3′E / 34.117°N 35.050°E | ||
Areal | 430 km² | ||
Folketal | 82 500 | ||
Folketettleik | 192 / km² | ||
Tidssone | EST (UTC+2) | ||
Jbeil distrikt 34°07′25″N 35°39′04″E / 34.123611111111°N 35.651111111111°E | |||
Plassering i Libanon
| |||
Wikimedia Commons: Jbeil District |
Elvane Al-Madfoun og Nahr Ibrahim dannar høvesvis den nordlege og den sørlege grensa i distriktet, medan Middelhavet ligg i vest, og Libanonfjella i aust. På andre sida av fjella ligg Baalbek i Bekaadalen.
Demografi
endreFolkesetnaden i distriktet er hovudsakleg maronittar etterfølgd av ein sjiamuslimsk minoritet, som dominerer Ibrahimdalen, særleg landsbyane Aalmat, Ras Osta, Hjoula, Bichtlida, Lassa, og Mazraat Es Siyad. Ein gresk-ortodoks minoritet utgjer ein del av folkesetnaden og er spreidd mellom fleire landsbyar som lokalt vert kalla «qornet el roum» (det ortodokse hjørnet). Desse er Mounsef, Jeddayel, Helwe, Berbara, Gharzouz, Rihanneh og Chikhane.
Jbeil har tre seter i det libanesiske parlamentet, to av desse er maronittisk-katolske og det tredje er sjiamuslimsk.
Turistmål
endreHovudstaden Byblos er ein viktig historisk og arkeologisk stad med ruinar frå fønikarane, romarane og krossfararane. I fjellandsbyen Aannaya ligg St. Maroun-Aannaya kloster og helgenskrinet til St. Charbel (1828-1898), den første libanesiske helgenen (offisielt kanonisert av pave Paul VI i 1977), begge viktige maronittiske, heilage stader. Landsbyen Laqlouq ligg ei høgd på 1750 til 2000 meter og er ein vintersportstad. Ved landsbyen Afqa ligg Afqagrotta, som er den heilage kjelda til elva Adonis (dagens Nahr Ibrahim). Ved landsbyen Bentael (Bintaael) ligg det første verneområdet i Libanon, oppretta i 1981. Ved landsbyen Jaj finst det overlevande sedertre frå dei eldgamle sederskogane.
Byar og landsbyar
endreAabaydat | Aalmat Ech Chmaliyeh | Aalmat Ej Jnoubiyeh | ||
Amsheet | Aannaya | Aaqoura | Adonis | |
Afqa | Ain Ed Delbeh | Ain El Ghouaybeh | ||
Ain Jrain | Ain Kfaa | Bazyoun | ||
Bchilleh | Beer El Hit | Behdidat | Bejjeh | |
Bekhaaz | Berbara | Bichtlida | ||
Bentaël | Birket Hjoula | Blat | ||
Boulhos | Brayj | Chatine | Chikhane | |
Chmout | Edde | Ehmej | Fatreh | |
Ferhet | Fghal | Fidar | ||
Ghabat | Ghalboun | Gharzouz | Ghorfine | |
Habil | Halate | Haqel | ||
Hay El Aarabeh | Hbaline | Hboub | ||
Hdayneh | Hjoula | Hosrayel | ||
Hsarat | Hsoun | Jaj | ||
Janneh | Jbeil | Jeddayel | Jenjol | |
Jlisseh | Jouret El Qattine | Kafr | Kfar Hbal | |
Kfar Hitta | Kfar Kiddeh | Kfar Masshoun | ||
Kfar Qouas | Kfoun | Laqlouq | Laqlouq | Lassa |
Lehfed (www.lehfed.com) | Maad | Majdel | ||
Marj | Mastita | Mayfouq | ||
Mazraat Es Siyad | Mchane | Mghayreh | ||
Michmich | Mounsef | Nahr Ibrahim | ||
Qahmez | Qartaba | Qartaboun | ||
Qorqraiya | Qottara | Ram | ||
Ras Osta | Rihaneh | Seraaita | ||
Souaneh | Tartij | Tourzaiya | ||
Yanouh | Zibdine |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jbeil distrikt» frå Wikipedia på engelsk, den 18. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: