Jean-Claude Juncker

Jean-Claude Juncker (fødd 9. desember 1954 i Redange) er ein luxembourgsk politikar som var statsminister i Luxembourg frå 1995 til 2013. Han var president i Europakommisjonen frå 2014 til 2019, og dermed leiar av Juncker-kommisjonen.

Jean-Claude Juncker

Fødd9. desember 1954
Redingen an der Attert/Rédange-sur-Attert i Luxembourg
Statsborgar avLuxembourg
PartiKristelig sosialt folkeparti
Yrkepolitikar, advokat
Utdanna vedLycée Michel-Rodange
Université de Strasbourg
EktefelleChristiane Frising
MedlemEurogruppen
EU-troikaen
Académie des sciences morales et politiques
VervFinansminister i Luxembourg 14. juli 1989–23. juli 2009
EtterfylgjarLuc Frieden
VervStatsminister i Luxembourg 20. januar 1995–4. desember 2013
FøregangarJacques Santer
EtterfylgjarXavier Bettel
VervPresident for Europakommisjonen 1. november 2014–30. november 2019
FøregangarJosé Manuel Durão Barroso
EtterfylgjarUrsula von der Leyen
Alle verv
  • Eurogruppens president (2005–2013)
  • president i Europakommisjonen (2014–2019)
  • Luxembourgs statsminister (1995–2013)
  • medlem av Luxembourgs Deputertkammer
  • medlem av Luxembourgs Deputertkammer
  • medlem av Luxembourgs Deputertkammer
  • medlem av Luxembourgs Deputertkammer
  • medlem av Luxembourgs Deputertkammer
  • medlem av Luxembourgs Deputertkammer (–2009)
  • medlem av Luxembourgs Deputertkammer (2013–2014) Sjå dette på Wikidata

Juncker leiar det kristendemokratiske partiet Chrëschtlech Sozial Vollekspartei (Det kristlegsosiale folkepartiet). Han tok over som statsminister då forgjengaren Jacques Santer vart president for EU-kommisjonen i 1995. Han vart gjenvald ved parlamentsvala i 1999 og 2004. Ved det siste valet fekk partiet hans 36,1 % av røystene. Han regjerte i koalisjon med det sosialdemokratiske partiet Lëtzebuerger Sozialistesch Aarbechterpartei (Det luxembourgske sosialistiske arbeidarpartiet) frå 2004. Det same partiet var koalisjonspartnar før 1999. Mellom 1999 og 2004 regjerte han i koalisjon med det liberale partiet Demokratesch Partei (Det demokratiske partiet).