Opna hovudmenyen

José Manuel Durão Barroso (fødd 23. mars 1956 i Lisboa) er ein portugisisk politikar og jurist. Frå 2002 til 2004 var han statsminister i Portugal. Han var president for Europakommisjonen frå 2004 til 2014.

José Manuel Durão Barroso
José Manuel Barroso MEDEF 2.jpg
Fødd 23. mars 1956

Lisboa

Parti Portuguese Workers' Communist Party, Partido Social Democrata
1. verv Statsminister i Portugal
 - periode 2002-2004
 - føregangar António Manuel de Oliveira Guterres
 - etterfylgjar Pedro Santana Lopes
2. verv President i Europakommisjonen
 - periode 2004-2014
 - etterfylgjar Jean-Claude Juncker

LivEndra

Barroso studerte jus ved Universitetet i Lisboa, seinare økonomi og samfunnsvitskap i Genève i Sveits. Som universitetslektor spesialiserte han seg i internasjonal politikk i Lisboa, seinare i Washington, der han tok filosofisk doktorgrad. Etter at han kom tilbake til Portugal vart han direktør for avdelinga for internasjonal politikk ved Lusíada-universitetet i Porto.

Han vart medlem av nasjonalforsamlinga i Portugal i 1985. Barosso var utanriksminister frå 1992 til 1995, og partileiar i Partido Social Democrata, som trass i namnet er eit høgreparti, frå 1999 til 2004. I Europakommisjonen sat han for Det europeiske folkepatiet.

I tillegg til morsmålet, portugisisk, snakkar Barroso flytande engelsk, fransk og spansk. Han er gift og har tre ungar.

BakgrunnsstoffEndra