Jean Marlene Saubert (1. mai 194214. mai 2007) var ein USA-amerikansk alpin skirennar frå Roseburg i Oregon som vann ein sølv- og ein bronsemedalje under Vinter-OL 1964 i Innsbruck.

Jean Saubert

Statsborgarskap USA
Fødd 1. mai 1942
Roseburg
Død

14. mai 2007 (65 år)
Bigfork

Yrke alpinist
Jean Saubert på Commons

Aktiv endre

Saubert markerte seg internasjonalt under VM i alpine greiner 1962 i Chamonix, der ho kom på sjetteplassen i storslalåm og vart nummer ni i utfor. To år seinare tok ho bronsemedaljen i slalåmrennet under Vinter-OL 1964 i Innsbruck, dei franske systrene Christine og Marielle Goitschel vann gull og sølv. Dei same tre utøvarane stakk avgarde med medaljane også i storslalåm; Marielle vart olympisk meister, Saubert og Christine Goitschel kom på delt andreplass.

I OL-året 1964 vann Saubert samtlege fire meister titlar i USA-meisterskapen alpine greiner, året i førevegen vart ho nasjonal meister i utfor og storslalåm. Saubert vart så nummer fire i slalåm då VM i alpine greiner 1966 vart avvikla i chilenske i Portillo, to hundredels sekund bakom landskvinna Penny McCoy på bronseplass.

Saubert døydde 65 år gammal i Bigfork i delstaten Montana.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar