Christine Goitschel
Christine Goitschel, gift Beranger, (fødd 9. juni 1944) er ein fransk tidlegare alpinist frå Sainte-Maxime i departementet Var som vart olympisk meister i slalåm i 1964. Marielle Goitschel er hennar yngre syster.
Christine Goitschel | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 9. juni 1944 (80 år) Sainte-Maxime |
Yrke | alpinist |
Språk | fransk |
Høgd | 172 centimeter |
Ektefelle | Jean Béranger |
Christine Goitschel på Commons |
Aktiv
endreChristine Goitschel vart nummer åtte i storslalåm då VM i alpine greiner 1962 vart arrangert i Chamonix i hennar heimland. To år seinare vann ho gullmedaljen i slalåm under dei olympiske vinterleikane i Innsbruck, systera Marielle tok sølvmedaljen. To dagar etter var rollene omsnudd, då sigra Marielle, medan Christine kom på andreplass saman med Jean Saubert frå USA.
Christine Goitschel vann eitt renn i verdscupen i alpine greiner, storslalåmrennet i Franconia i New Hampshire 11. mars 1967. Ho vart skadd tidleg i OL-sesongen 1968 og la då bort konkurranseskia.
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Sports-Reference Arkivert 2010-01-29 ved Wayback Machine.