Jefferson City
Jefferson City er delstatshovudstad Missouri i USA, og hovudsete i fylket Cole County. Han ligg ved elva Missouri. Byen har 43 079 innbyggjarar (2010). Han er kalla opp etter den tredje presidenten av USA, Thomas Jefferson.
Jefferson City | |||
by | |||
Jefferson City, ved elva Missouri.
| |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Areal | 97,661381 km² | ||
Folketal | 43 228 (1. april 2020)[1][2] | ||
Jefferson City 38°34′36″N 92°10′25″W / 38.576666666667°N 92.173611111111°W | |||
Wikimedia Commons: Jefferson City, Missouri |
Historie
endreByen blei peikt ut som ny delstatshovudstad då Missouri blei teken opp som eigen delstat i USA i 1821. Byen var først kalla Lohman's Landing, og eit forslag til nytt namn var «Missouriopolis», før ein blei einige om Jefferson City. Byen blei bygd opp spesielt med tanke på at han skulle vera delstatshovudstad, men fram til regjeringsbygningane stod klare fungerte St. Charles som hovudstad. Då delstatsforsamlinga flytta inn i 1826, budde det berre 31 familiar i byen. I 1833 brann capitol-bygningen, men fem år seinare var ein ny bygning ferdig.[3]
Folkesetnad
endreFolkesetnadsutviklinga i Jefferson City:
År | Folkesetnad |
---|---|
1840 | 1 174 |
1900 | 9 664 |
1910 | 11 850 |
1920 | 14 490 |
1930 | 21 596 |
1940 | 24 268 |
1950 | 25 099 |
1960 | 28 228 |
1970 | 32 407 |
1980 | 33 619 |
1990 | 35 481 |
2000 | 39 636 |
2010 | 43 079 |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Explore Census Data – Jefferson City city, Missouri». Henta 22. desember 2021.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 7. april 2014, henta 15. februar 2015
- Denne artikkelen bygger på «Jefferson City» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2015.