Jelena Sokolovskaja

Jelena Anatoljevna Sokolovskaja (fødd i 1967) er ein russisk-israelsk komponist.

Jelena Sokolovskaja
Fødd1967 (53 år)
FødestadMoskva
FødenamnЕлена Анатольевна Соколовская
AliasElena Sokolovski
OpphavIsrael
Verka somkomponist
PrisarACUM award

Ho er fjerde generasjon musikar i familien Beckman-Sjtsjerbin og oldemor hennar var den store russiske pianisten Jelena Beckmann-Sjtsjerbina (1882-1951).

Sokolovskaja studerte komposisjon ved konservatoriet i Moskva hos professor Aleksandr Pirumov og blei uteksaminert i 1994. Seinare studerte ho ved Hochschule für Musik „Hanns Eisler“ i Berlin hos professor J. P. Dietrich.

Jelena Sokolovskaja har budd i Israel sidan 1995.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra