Jelena Beckmann-Sjtsjerbina
Jelena Aleksandrovna Beckmann-Sjtsjerbina (12. januar 1882–30. november 1951) var ein russisk pianist.
Jelena Beckmann-Sjtsjerbina | |||
Fødd | 31. desember 1881 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Moskva | ||
Død | 30. september 1951 (69 år) | ||
Dødsstad | Moskva | ||
Fødenamn | Елена Александровна Бекман-Щербина | ||
Opphav | Det russiske imperiet, Sovjetunionen | ||
Sjanger | klassisk musikk | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | pianist | ||
Prisar | Arbeidets røde fanes orden, Æreskunstner i Den russiske sovjetrepublikk |
Liv
endreBeckmann-Sjtsjerbina blei fødd Kamensjev, men mora døydde få dagar etter at ho fødde Jelena, så barnet blei oppfostra av tanta og mannen hennar, Elisabeth og Eugen Sjtsjerbin. I takksemd for dette tok Jelena seinare familienamnet deira.
Seks år gammal fekk ho den første klaverundervisninga, først hos Valentina Sograf-Plaksina, seinare hos Nikolaj Zverev. Ho gjekk på konservatoriet i Moskva der ho var elev av Paul Pabst og etter at han døydde av Vasilij Safonov. Diplomarbeidet var å framføre heile Das Wohltemperierte Klavier av Johann Sebastian Bach og ho avslutta studiet med gullmedalje.
I februar 1903 gifta ho seg med amatørmusikaren og biologen Leonid Karlovitsj Beckmann.
Som konsertpianist fekk ho stor suksess med verk av Jean Sibelius. Ho var òg den første som framførte klaververk av Claude Debussy og Maurice Ravel i Russland (1909).
Repertoaret til Beckmann-Sjtsjerbina spende frå barokkmusikk til musikk av unge samtidskomponistar, og i første halvdel av tiåret 1910 samarbeidde ho tett med Aleksandr Skrjabin. I memoarane sine skreiv ho:
- «Eg er svært takknemleg og lukkeleg over ha fått høve til å samarbeide med Aleksandr [Skrjabin], det førte til at eg blei i stand til å framføre musikken i tråd med intensjonane hans. Eg har elles aldri i mitt liv arbeidd med så stor entusiasme som under besøka hos Skjrabin»[1]
Frå 1912 til 1918 dreiv ho ein eigen klaverskole i Moskva. Frå 1921 til 1930 var ho dosent ved konservatoriet i Moskva då ho blei assisterande professor og i 1940 professor. Ho blei evakuert til Kazan i 1942–1943. Ein syklus populære barnesongar som ho og ektemannen skreiv i tiåret 1900 blei gjenutgitt i 1947 og 1949.
Komponisten Jelena Sokolovskaja er oldebarn av Beckmann-Sjtsjerbina.
Kjelder
endre- Denne artikkelen er basert på «Елена Александровна Бекман-Щербина» frå Wikipedia på russisk, den 21. november 2011.
Referansar
endre- ↑ Jelena Beckmann-Sjtsjerbina, Мои воспоминания. («Minne»), 1982. - s. 103.
Litteratur
endre- O. Serdobolskaja (red), Жизнь пианистки: К 125-летию со дня рождения Е. А. Бекман-Щербины («Eit pianistliv, til 125 årsdagen for J. Beckmann-Sjtsjerbina», Moskva, TC-Prima, 2006. 568 sider, ISBN 5-902 495-03-2