Jens Jensson Lodgård
Jens Jensson Lodgård (1768–4. september 1840) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Buvika i Sør-Trøndelag.
Jens Jensson Lodgård | |||
Fødd | 1769 Soknedal | ||
---|---|---|---|
Død | 4. september 1840 (70 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | bonde, politikar | ||
Alle verv |
|
Lodgård var son av ein gardbrukar i Buvika. Han vart sjølv gardbrukar, fyrst på Leirsand i heimbygda. I 1817 flytta han til garden Heggdal i Melhus, seinare var han gardbrukar på Lodgård i same bygda.
Han var 3. representant på Stortinget 1821 og omframstortinget 1822 frå Søndre Trondhjems amt. I 1821 var han medlem av fire komitear, mellom anna om løna til skulehaldarane, om skysstellet og om utreiinga av artilleriet og kavaleriet.
Lodgard døydde 1840 på garden sin i Melhus.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914