Jens Kusk Jensen
Jens Kusk Jensen f. Jens Kudsk Jensen (fødd 8. februar 1866 i Vester Assels, død 23. oktober 1936 i Nivå) var ein dansk sjømann og forfattar.
Jens Kusk Jensen | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 8. februar 1866 Vester Assels |
Død |
23. oktober 1936 (70 år) |
Yrke | faglitterær forfattar, navigatør, skipsførar |
Jens Kusk Jensen på Commons |
Han segla til sjøs i fire år frå han var 17 år gamal. Så tok han styrmannseksamen. Tillegg tok han eksamenar i engelsk, sjørett, handelslære geografi og meteorologi. Etter det segla han som styrmann, kaptein og skipsførar. I elleve år skreiv han på Haandbog i praktisk Sømandsskab. Ho kom ut i 1901. Medan han arbeidde på boka forlist han fire gongar, og mykje av manuskripta hans gjekk tapt.
Haandbog i praktisk Sømandsskaber på 400 sider. I tillegg til med praktiske forklaringar og opplysningar om rigging, ankring, manøvrering, stuing av last, seglføring, og det meste som har med seglskip å gjer,Har boka over 600 teikningar som Jens Kusk Jensen har laga. Boka vart svært populær, og har kome i fleire utgåver.
Jens Kusk Jensen har og gjeve ut Haandbog i Sømandsskab for Lystfartøjer og Motorbaade. Etter han var død vart manuskriptaEn Sømands Oplevelser i Fred og Krig og Navigationens Udvikling prenta.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jens Kusk Jensen» frå Wikipedia på dansk, den 13. mai 2012.
- gravsted.dk