Jermaine Jackson

amerikansk songar og gitarist

Jermaine La Jaune Jackson (fødd 11. desember 1954) er det fjerde eldste barnet i familien Jackson frå Gary, Indiana, og ein av medlemene i The Jackson 5. Han er mest kjend som songar, men spelar også el-gitar og bassgitar.

Jermaine Jackson

Jermaine Jackson i 2007
Fødd11. desember 1954
FødestadGary
FødenamnJermaine La Jaune Jackson
AliasMuhammad Abdul-Aziz
OpphavUSA
Aktiv1964-
SjangerPop, rhythm and blues,
InstrumentVokal, el-gitar, bassgitar
Tilknytte artistarThe Jackson 5
PlateselskapMotown, Epic, Arista, LaFace
Verka somSongar, låtskrivar, plateprodusent, arrangør, dansar,
MorKatherine Jackson
FarJoe Jackson
BornJaafar Jackson
PrisarOrder of the Republic of The Gambia

Biografi endre

Jermaine var med i The Jackson 5 heilt frå byrjinga, men trekte seg i 1975 for å driva solokarriere. Han vart då erstatta av veslebroren Randy Jackson. Jermaine vart med att ein periode ifrå 1984 fram til bandet meir eller mindre gjekk i oppløysing. Jackson voks opp som Jehovas vitne, men har i vaksen alder konvertert til islam. Han har sju born med 3 ulike kvinner.

Diskografi endre

Som soloartist gav han ut si fyrste plate i 1972, og fram til i dag har han gjeve ut i alt tjue album, 13 studioplater og 7 samleplater.

  • Jermaine (1972)
  • Come Into My Life (1973)
  • My Name Is Jermaine (1976)
  • Feel The Fire (1977)
  • Frontiers (1978)
  • Let's Get Serious (1979)
  • Jermaine (1980)
  • I Like Your Style (1981)
  • Motown Superstar Series, Vol. 17 (1981)
  • Let Me Tickle Your Fancy (1982)
  • Dynamite (1984)
  • Precious Moments (1986)
  • Don't Take It Personal (1989)
  • You Said (1991)
  • Greatest Hits & Rare Classics (1991)
  • Dynamite - The Encore Collection (1999)
  • The Heritage Collection (2000)
  • Ultimate Collection (2001)
  • Big Brother Jermaine - The Jermaine Jackson Collection (2007)
  • Greatest Hits (2009)

Kjelder endre

  • Engelsk Wikipedia om Jermaine Jackson, henta inn 4. april 2011.

Bakgrunnsstoff endre

  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.