Randy Jackson

Steven Randall «Randy» Jackson (fødd 29. oktober 1961) er ein av brørne i Jackson-familien frå Gary i Indiana. Han er den einaste veslebroren til Michael Jackson, og har vore med i The Jackson 5.

Randy Jackson
Randy Jackson (1976).jpg
Fødd 29. oktober 1961 (61 år)
Gary
Yrke songar, songar og låtskrivar, musikar, perkusjonist, gitarist, klaverspelar
Randy Jackson på Commons

BiografiEndra

Randy Jackson deltok på konsertane til The Jackson 5 allereie frå 1971, men vart offisielt medlem i 1975, då Jermaine Jackson trekte seg tilbake. Deretter var han med i gruppa som multi-instrumentalist fram til gruppa offisielt vart oppløyst i 1990. Randy Jackson var tenkt å gje ut eit soloalbum med tittelen Randy Jackson i 1978, men skrinla planane. I 1980 vart han utsett for ei alvorleg bilulukke, men kom seg på beina att etter om lag eit halvt år.

I 1989 starta Randy Jackson sitt eige band, Randy and the Gypsys. Dei rakk å gje ut ein cd med tittelen Randy and the Gypsys i 1989 før dei vart oppløyste.

Randy Jackson har i dag 4 born frå ulike forhold.

KjelderEndra

  • Engelsk Wikipedia om Randy Jackson (The Jacksons), henta inn 5. april 2011.
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.