Jernbanetorget T-banestasjon
Jernbanetorget T-banestasjon er ein underjordisk stasjon under Jernbanetorget, på fellestunnelen for T-banelinene gjennom sentrum i T-banenettet i Oslo. Stasjonen har oppgangar til jarnbanestasjonen Oslo sentralstasjon og til Jernbanetorget, som er eit knutepunkt for kollektivtrafikken i Oslo.
Då dei austlege T-banelinene vart bygd på 1950 - 1960-talet, fungerte Jernbanetorget T-banestasjon som endestasjon fram til Stortinget T-banestasjon, med vendesløyfe for toga, var ferdig. No er Jernbanetorget T-banestasjon berre ein av fleire stasjonar på T-banelinene mot aust og vest.