Jesper Odelberg
Jesper Odelberg (fødd 23. juli 1970) er ein svensk standupkomikar. Han er mest kjend i Noreg for sine innslag i Rikets røst, der han mellom anna har starta ei musikkgruppe med namnet «Boys on Wheels» og prøvd ut forskjellige yrke og jobbar.
Jesper Odelberg | |
![]() | |
Fødd | 23. juli 1970 (53 år) |
---|---|
Opphav | Sverige |
Verka som | politikar, komikar, musikar, skodespelar |
Odelberg har cerebral parese, som mellom anna har ført til at han sit i rullestol. Han er kjend for å bruke handikappet sitt i innslag, mellom anna ved å spele cp-ramma akupunktør ovanfor uvitande personar og i den nemnte musikkgruppa «Boys on Wheels».
