Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage
(Omdirigert frå Jesu Kristi kyrkje av siste dagars heilage)
Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage er eit religiøst samfunn som vart danna av stordelen av dei som hadde vore tilslutta Joseph Smith, Jr. og dei fyrste av Siste dagars heilage i 1830. Dei er i dag det største av trudomssamfunna med bakgrunn i rørsla. Kyrkja har sitt hovudsete i byen Salt Lake City, hovudstaden i delstaten Utah i USA og ho er det fjerde største kristne kyrkjesamfunnet i det landet.
Det er i dag om lag 14 millionar medlemer av Dei siste dagars heilage, og over 60 000 misjonærar fordelt på 162 land og territorium. Til Noreg kom dei første misjonærane i 1851 og den første medlemen vart døypt i Risør same året. Det er 4500-5000 medlemer (2007) i Noreg, og kyrkjelydar finst i alle delar av landet.