Jezioro Maltańskie

Jezioro Maltańskie (eller Maltasjøen) er ein kunstig innsjø i Poznań i Polen. Han vart danna i 1952 då det vart bygd ei demning i elva Cybina. Han er om lag 2,2 km lang og i snitt 3,1 meter djup. På det djupaste er han om lag 5 meter. Det er fleire høve for fritidsaktivitetar i og rundt innsjøen, inkludert ei skiløype, ein skeisebane, ein dyrehage, den smalspora jernbanelinja Kolejka Parkowa Maltanka og Fridomshaugen.

Jezioro Maltańskie
innsjø
Malta Trybuny Poznań RB1.JPG
Det kinesiske laget trender før Verdsmeisterskapen i roing i 2006
Land Flag of Poland.svg Polen
Innsjøtype kunstig innsjø
Tilsig Cybina
Utløp Cybina
Lengd 2,2 km
Breidd 0,46 km
Areal 0,64 km²
Middeldjupn 3,1 m
Største djupn m
Kart
Jezioro Maltańskie
52°24′9″ N 16°58′15″ E
Wikimedia Commons: Lake Malta, Poznań

Innsjøen er òg ein av dei eldste menneskeskapte robanane i Europa. Det har vorte halde mange løp her i verdscupen i roing sidan 1952.

Namnet på innsjøen kjem av Maltesarordenen. Innsjøen vart danna på land som var eigd av St. Johannes av Jerusalem utanfor murane-kyrkja og som vart gjeve til ordenen i 1187 av hertug Mieszko III den gamle.

KjelderEndra

  Denne geografiartikkelen som har med Polen å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.