Jezioro Słupeckie

Jezioro Słupeckie er ein kunstig innsjø i Polen som vart danna i 1955 i ei tidlegare torvmyr som eit fritidsområde. Han har eit areal på 2,58 km², er 3,6 km lang og 0,9 km brei. I sør ligg byparken Słupca, eit amfiteater, ein skytebane og to stadium. Innsjøen får vatn frå elva Meszna, og ligg utanfor byen Słupca. Dei seinare åra har byen utvikla seg kraftig på grunn av nærleiken til byen Poznań, og derfor har det byrja å dukka opp hus rundt innsjøen.

Jezioro Słupeckie
innsjø
Land  Polen
Innsjøtype reservoar
Lengd 3,6 km
Breidd 0,9 km
Areal 2,58 km²
Største djupn 2,5 m
Kart
Jezioro Słupeckie
52°18′28″N 17°54′00″E / 52.3078°N 17.9°E / 52.3078; 17.9

Tidlegare var innsjøen ein populær badeplass, men dei seinare åra er vatnet vorte for forureina til dette.

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Polen å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.